Det er god stemning og mykje folk på Alf Tafjord Landhandel eit par timar før stengjetid laurdag klokka tre.
Auka omsetnad?
Det kunne til dømes vere interessant å sjå om den spesielle utteljinga som har vore på extra-kupongane innleverte i Tafjord, har fått folk frå andre bygder til å ta turen inst i fjorden for å levere inn sine kupongar, men det er berre tafjordingar å sjå mellom reolane denne laurdagen.
Ja, det er folk utanbygds frå som har kome og levert, men dei har hatt andre ærend her i bygda, seier kjøpmannen, Steinar Tafjord.
Det med andre ærend er berre slikt dei seier, flirer Alfred Blindheim, innflyttaren med bergensmål.
Han leverer sine faste lotto-kupongar som Steinar har liggande inne på maskina. I dag tek han ein ekstra Extra. No om vinteren synest han ikkje det er noko særleg å tippe fotball. Det er meir spennande i sommarhalvåret når det er norske lag på kupongen. Heller ikkje Extra brukar han pengar på, fordi han sjeldan følgjer med på trekninga. Alfred kan notere seg som medlem i vinnar-klubben, men då litt meir beskjeden, sidan han vann ”berre” 6.500 kroner i lotto før jul. Ein gong for lenge sidan vann han 55.000 kroner i tipping, men det var lenge før han flytta til Tafjord.
Femvekers
Sølvi Tafjord leverer sine fem vekers kupongar etter at ho er ferdig å handle. Ho tek ein Extra-kupong også, og innrømmer at ho vart inspirert til det sidan det no igjen vart snakk om Extra-gevinstane før jul. Ho meiner det har stilna når det gjeld merksemd kring gevinstane før jul. Alle veit kven det var, og synest det er artig at Tafjord vart såpass fokusert på fjernsynet.
Asbjørn Muldal hadde levert kupongen før han handla og fosikrar om at han ikkje brukar meir pengar på speling no enn før dei store premiane i Tafjord.
Fire år sidan
Der har du no ein som har vunne ein storgevinst for fire år sidan, seier kjøpmann Steinar og peikar bort mellom hyllene i butikken.
Karen berre smiler og ser på oss. På veggen i butikken heng diplomet frå den gong, som fortel at premien var på nesten 395.000 kroner i veke 51 i 2004. Også den gongen var det Extra som var det utslagsgjevande spelet. Den lukkelege vinnaren for fire år tilbake fortel at han hadde fullt bilde, på fjernsyn vart det sagt at det var nokon frå Tafjord, noko han ikkje følgde med på. Ikkje før han fekk brev om det i posten, var han klar over at det var han som sat inne med premien. Då hadde folk rundt han diskutert nokre dagar kven det kunne vere. Han leverer framleis sin faste kupong, og pengane gjekk med til å betale ned lån. Ei god stund klarte han å halde det hemmeleg.
Visste ikkje
Dei fortel om den siste vinnaren i Tafjord, ei ung jente som var ute og reiste. Det gjekk ei tid før ho visste om at ho hadde vunne då dei ikkje nådde henne på telefon.
Ho som vann to millionar, leverte inn kupongen klokka 15.38 same dagen.
Om det er det ideelle tidspunktet, er ikkje godt å vite, smiler sindige Steinar og legg til at det er mange som har sine eigne tal på Extra-kupongen. Men her må ein vere registrert for å kunne spele.
Kjøpmannen fortel at vanlegvis ringjer dei frå Norsk Tipping dagen etter det har vore selt storpremie, men før jul ringde dei same kvelden, sidan det var såpass spesielt med to store premiar på rad hos same kommisjonær.
Betyr det noko for butikken?
Vi får 7,5 prosent av det folk tippar for uansett. Vi får ikkje noko for premiane. Det hadde nok vore meir usikkert også då, ler Steinar.
Utanfrå
Heilt på tampen kjem det inn ei dame som ikkje er tafjording.
Kjem du hit for å levere inn kupongen fordi det er her vinnarlukka er?
Ja, svarar ho og flirer.
May Grindvik frå Skodje må innrømme at det er ikkje heilt sant, ho har sommarhus i Tafjord og forsikrar oss at ho tippar alltid når ho er i bygda. Ho har liksom større tru på at det skal slå til, sjølv om det ikkje har gjort det til no for hennar del.
Eg synest det var så artig å høyre om Tafjord på fjernsyn, først ein gong, så ein gong til, seier ho.
60 år
Alf Tafjord Landhandel kunne feire 60 år i fjor. Det var far til Steinar, Alf, som starta opp med landhandel i 1948. Etter kvart tok Steinar over. Han likar denne rolla i eit triveleg miljø. Kundane karakteriserer han som ganske lojale. Sjølvsagt er det ikkje lett å drive butikk i ei bygd med såpass få innbyggjarar.
Vi flyt på sommaren, seier Steinar og viser til at alle campingturistane betyr mykje for omsetninga. Han merkar også når det er gode dagar i bassenget.
|
|
|