Undervisning i Guds frie natur

Friluftskonfirmantar er eit nytt omgrep i Stordal og Ørskog dette skuleåret. Laurdag samla konfirmantar og leiarar seg på Blåtind.

22. januar 2009
Sissel Tiril Rem

Friluftsgruppa med leiarar samla framfor lavvoen før dei skulle gå i gang med siste ykt: snøkyrkjebygging.

Av totalt 34 konfirmantar i dei to kommunane har så mange som 28 valt friluftsgruppa. Dei seks andre er i det som blir kalla Kirkens Nødhjelp-gruppa.
– Tanken er å kople friluftsliv og tema for konfirmasjonsundervisninga. Konfirmantane møtest ein laurdag i månaden, fortel Mons Olav Walgermo som er med som friviljug på leiarsida, men til dagleg er rektor ved Sjøholt skule.

Bibel og bøn
På programmet denne laurdagen stod først ein time undervisning med prost Kjølberg. Denne laurdagen var emnet “Bibel og bøn”. Etter matpausen var ungdommane ute på ski i ei løype med seks stasjonar med spørsmål knytte til undervisninga.
– På post nummer seks på toppen skulle alle lage ein varde med snøballar, som ei snølykt. Når elevane såg utover skaparverket, skulle dei kome på ein ting som dei hadde lyst til å takke for. Det noterte dei ned og det skal dei ha med seg til sluttsamlinga, fortel Mons Olav Walgermo.
Dagen vart avslutta med ei oppsummering i lavvoen og ei kreativ oppgåve. Sjølv om snøen ikkje akkurat var kram og god å ha med å gjere, vart det bygging av snøkyrkjer eller element frå kyrkjer som tårn, kor, skip eller talarstol.

– Kjempekjekt
Solveig Johnsen, Eline Vinje, Petrine Alne og Karoline Hove Bratland er fire stordalskonfirmantar som har valt friluftsgruppa.
– Eg valde det fordi det er kjekt, seier Karoline.
– Det er fint å vere ute i naturen og gjere det som eg likar best, seier Petrine.
Jentene likar samarbeidet i konfirmasjonsundervisninga som kommunane Stordal og Ørskog har hatt ein del år.
– Det er kjekt å bli kjend med nye ungdommar.
– Er det greitt å bruke laurdagar til konfirmasjonsførebuing?
– Ja, då er det lettare for foreldre å køyre oss.
– Vil de tilrå neste kull å velje friluftsgruppa?
– Ja, definitivt, kjem det frå alle fire.

Utesamlingar
Det nye tilbodet til konfirmantane er inspirert av eit liknande opplegg i Spjelkavika.
Friluftskonfirmantane er ute på kvar einaste samling. Vanlegvis er dei delte inn i to grupper. Til dømes var ei gruppe på kyrkjetorget og ei anna i Prestefjøra på den førre samlinga som var i Ørskog.