| Dette skjedde i Stordalshallen laurdag ettermiddag, eit flott tidspunkt på ein laurdag å setje av til eit slikt arrangement. Det vart prova ved ein fullsett sal av folk i godt humør.
Klesdrakt i stil
Alt frå starten av vart vi sette attende til 1970- og 80-talet, då medlemmene i Stordal hornmusikklag kom inn i tidsrette klede, særleg var det damene som hadde gjort seg flid med å finne fram slikt dei eller andre gjekk kledde i for 30-40 år sidan.
Tenk at dei har teke vare på desse kleda, sa dirigenten for hornmusikken, Lars Kaggerud, før han tok stokken og sleppte laus aller føste melodi, nemleg den store farsotten “Grease”.
Til å illustrere nettopp denne dansefeberen hadde dei fått med seg Karianne Vikene og Lasse Omenås frå nabobygda Valldal som dansa swing på ein platting framfor scena.
Dirigenten fortalde at det finst lite av slik musikk som er arrangert for korps, men takk vere Magne Rutle hadde dei noko å velje i.
Det meste av denne musikken har også vore framført på Vatne, men folk kunne gjerne sjå på dette nesten som ei urframføring.
Slag i slag
Det gjekk slag i slag frå første stund, “The Rose”, “The Great Pretender”, “Always on my Mind” og mange fleire hitar med engelsk tekst fekk vi høyre.
Det skifta heile tida med vokalistar. Claus Hoff, Peder Vikenes, Elin Dyrkorn og Janne Holseter song anten kvar for seg eller saman. Men Willie Nelson sin “Always on my mind” måtte Peder Vikenes ta seg av åleine. Før Claus Hoff skulle synge Frank Zappa sin “Bobby Brown” kommenterte dirigent Kaggerud at det var ikkje så nødvendig å forstå teksta.
Halvdan Sivertsen sin “Sommarfuggel i vinterland” kom like før pause. Kaggerud bad folk lytte ekstra nøye til den teksten som er vel så aktuell no som på 80-talet. Før denne var det også ein norsk melodi, “Har en drøm”. Claus Hoff skapte stor stemning i salen då han verkeleg tok i saman med godt trompetspel i korpset.
Siste innslag før pause var ein Grand Prix-medley, der mellom anna “Sami Âdnan” rippa opp i mange minne frå ein gong før i tida. Claus og Peder stilte til og med med samehuer. Andre melodiar frå Grand Prix var Jahn Teigen sin “Hva betyr adjø” og sjølvsagt “La det svinge”. Peder Vikenes presterte til og med eit splitthopp.
Finale
Andre avdeling opna med ei forrykande framføring av “The Final Countdown”, som også var tittelen på førestellinga. Sjølv om han kanskje ikkje var fødd på den tida, klarte Claus Hoff å få fram hiten med den svenske hardrockgruppa Europe frå 1986. Her fekk vi nok ein gong ein fantastisk gitarsolo av Åge Staurset.
Medlemmene i Marius and the outliggers fortener eigentleg eit kapittel for seg. I tillegg til Åge Staurset på sologitar finn vi Karl Petter Øie på bass, Robin Aasen på piano og Adrian Hoff bak trommene. Alle fekk høve til å vise seg litt fram. Hadde det ikkje vore for desse unge musikarane, hadde nok lyden vore tyngre.
Her tenkjer vi spesielt på “Walk of Life” der dei verkeleg fekk fram den rette “Dire Straits”-lyden. Det same skjedde då vi vart henta inn av Pink Floyd-lyd og “Another Brick in the Wall”. Her var det også med eit kor på seks jenter frå Stordal, Karoline, Yoon, to Emma, Jenny og Amalie.
ABBA fekk sjølvsagt endå meir merksemd i andre avdeling, med “Money, Money, Money” og “Thank You for the Music”.
Heilt til slutt var det flott avrunding med alle fire vokalistane i tillegg til publikum med songen “We are the World”. Det vil seie publikum viste ved hjelp av trampeklapp at dei ville ha minst eit ekstranummer. Dermed fekk dei Grand Prix-medleyen ein gong til og kunne gå heim att vel vitande om at dei hadde brukt laurdag ettermiddag på ein god måte.
Det må vere kjekt å spele både i band og hornmusikk og å synge når ein har slikt å øve fram mot.
|
|
|