Endeleg ordna forhold

Som ein del av regjeringa sin krisepakke er det sett av to millionar kroner til nybygg for toalett ved ferjekai på Linge. Dette er det Statens vegvesen som står for.

29. januar 2009
Randi Flø

Kiosken på ferjekaia på Linge skal bort og i staden skal det kome ein bygning som mellom anna inneheld toalett.

Ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, er ein av dei som seier seg svært godt nøgd med dette. Det har lenge vore uhaldbare forhold der. Den siste midlertidige løysiinga var mobile toalett, som folk brukte berre ved krise.
Sjølv om det er Statens vegvesen sitt ansvar, har Norddal kommunen motteke mange klager på forholda.
– Dette var heilt nødvendig. Vi må ha fasilitetar, vi kan ikkje ha det slik at folk går ut i veggrøftene. Dette er ein vesentleg del av infrastrukturen. Vi har pressa på mot vegvesenet, men det er klart dei må ha midlar, seier Ruset og legg til at det er rundt 650.000 personar som passerer her i turistsesongen.

På lista
Kjell Haukeberg ved Statens vegvesen Sunnmøre seier at
ein toalettbygning på ferjekaia
på Linge har stått på ei liste saman med mange andre uprioritert tiltak, der dei har mangla pengar. Når dei no fekk ein
konkret sum til eit konkret tiltak, må dei ta til å lage konkrete planar.
– Vert det eit hus som står i stil med Nasjonal turistveg?
– Det er klart at vi neppe kjøper to blå, mobile toalett og set opp att. Det må bli ein variant mellom dei to blå og det huset som står der no og Nasjonal turistveg-konseptet, seier han og kommenterer at det var veldig til merksemd toaletta på Linge fekk då regjeringa la fram tiltakspakken.
Haukeberg seier at det er altfor tidleg å konkludere med korleis løysinga vil sjå ut. Dei har berre så vidt begynt å prate om det.
Statens vegvesen hadde lagt opp til å ordne toalettforholda på Linge dette året og ta utgiftene på drifta.
– Vi hadde sett oss som mål i samarbeid med Norddal kommune å få til ei løysing, seier Haukeberg.
– Skal den kioskbygningen som står der rivast?
– Der er det Norddal kommune som køyrer eit løp med ordføraren i bresjen, seier han.

Dei reisande
Han viser til at det er nødvendig å setje opp noko som tek vare på dei reisande sine interesser og behov på ein god måte, gjerne eit lite venterom og toalett.
– Det kan også vere andre interesser som melder seg. Det har vore prøvd med kiosk her før, seier Haukeberg.
– Blir dette gjenomført i år?
– Dilemmaet er at vi fekk så mykje pengar, dermed vert forventningane desto høgare. Tenkinga er komen i gang, så må vi engasjere nokon som kan lage skisser og teikne prosjektet, avsluttar Haukeberg.