Steinstøvet låg som ei skodde på tunet, og ho varsla mannen Asgeir Hovde som ikkje hadde høyrt braket. Samstundes ringde ho til politiet, og skunda seg over til huset til mora, som
ligg om lag 70 meter frå deira hus.
Gjekk bra
Det viste seg heldigvis å ha gått bra med 90 år gamle Petra Flåen. Ho sat i ein stol og såg på fjernsyn då det skjedde.
Ei stor steinblokk traff huset hennar. Heldigvis skjedde dette før ho la seg. Senga var flytta ein halv meter frå veggen, og alle vindauga på soverommet var knuste, fortel Marie.
På garden Flåen, som ligg ovanfor innslaget til tunnellen inn til Stordal og ved sida av gamlevegen, bur det no berre dei tre. Petra Flåen bur i det eldste huset. I det andre huset på garden bur Marie og Asgeir. Mellom husa, som ligg om lag 70 meter frå einannan, ligg eit reiskapshus.
Blokka som lausna i fjellet ovanfor har delt seg på veg ned, slik at ei stor steinblokk tok retning mot huset til Petra og råka det på eine hjørnet, medan den andre og største steinblokka gjekk tvers gjennom reiskapshuset og vart liggande att på tunet framføre. Mykje av raset vart liggande att i ura ovanfor. Totalt har det rasa ut om lag 200 kubikk.
Vi er vane med at det rasar småstein, men dei stoppar som oftast i ura, fortel Marie og Asgeir.
For 100 år sidan kom det ned ein stor stein, men han kilte seg fast i jorda og vart liggande. Vi brukte han mykje som leikeplass då vi var små, fortel Marie.
Evakuerte
Alle vart evakuerte frå garden måndag kveld. Marie og Asgeir overnatta med sambuar til sonen Severin, Gunn Janne Lid, som også bur på Dyrkorn, medan Petra overnatta hos dottera Palma i Stordal. Då vi snakka med dei på tysdag, hadde geologane vurdert det slik at huset til Marie og Asgeir var trygt, og dei hadde fått klarsignal til å flytte attende, medan det er meir usikkert om og kva tid Petra får flytte inn att i sitt hus.
Det er store skadar på huset, det har vorte slått heilt skeivt, og geologane skal også vurdere situasjonen meir nøye. Vi er veldig glade og takknemlege for at raset gjekk då det gjekk og at det har gått bra med folket, seier Marie og Asgeir.
|
|
|