Det var Arne Sandnes, Sp, som ville ta opp dette som ekstrasak på siste møte i kommunestyret. Med 14 mot fire røyster vart det vedteke ein omfattande uttale til fylkeslandbruksstyret som skal behandle saka på februarmøtet. Viktor Valdal gjekk frå som ugild i saka.
Inger Marie Linge har søkt om å få dele Tonganeset frå garden på Linge. Politikarane i Norddal har sagt nei. Linge klaga, men klaga vart ikkje teken til følgje i kommunestyret. Fylkeslandbruksstyret skal behandle
klaga og landbruksdirektøren innstiller på å gje medhald.
Uforståande
I uttalen frå kommunestyret heiter det at dei stiller seg utforståande til argumentasjonen frå fylkeslandbruksdirektøren og er heilt usamde i innstillinga.
I uttalen heiter det mellom anna at Tonganeset er den siste attverande biten av strandlinje under dette bruket. Alle gardane på Linge har tilgang til sjøen som eitt av sine sterke fortrinn. Sett frå ein driftsmessig synsstad er det både ulogisk og uforsvareg å fjerne denne tilgangen. Parsellen er flat og fulldyrka og særs godt eigna til alle typer tradisjonell landbruksproduksjon.
Det vert også peika på at alle dei seks hovudbruka på Linge er om lag like store og representerer eit snitt av alle bruk i Norddal kommune. Ei frådeling vil dermed gi signal om at det store fleirtalet av bruk i Norddal ikkje er liv laga som sjølvstendige bruk. Å innvilge søknaden vil danne mønster for vurdering av liknande saker i ettertid og kommunestyret fryktar at dette vil innebere ei oppløysing av den tradisjonelle bruksstrukturen i Norddal med storstilt strukturrasjonalisering som resultat.
Kombinasjon
Kommunestyret i Norddal meiner at det i Norddal er rett og naturleg å satse på kombinasjonsbruket framfor framiliebruket. I dag finst det knaprt eit einaste bruk som hentar familieinntekta frå gardsdrifta. Bruksnummer 3 på Linge er eit typrisk kombinasjonsbruk med eit mangfald av muligheiter. Det finst såleis ingen sakleg grunn for å avskrive bruket som sjølvstendig driftseining.
Til slutt i uttalen vert det peika på at Tonganeset er ei perle i indre Storfjorden som ideelt sett burde vore gjort tilgjengeleg for ålmenta, men for å ikkje svekkje driftsgrunnlaget på bruka, har kommunen til no avstått frå å fremje krav om omregulering. Dersom området vert avhenda til private rekreasjonsføremål, vil kommunestyret sjå det som naturleg å leggje ned byggje- og deleforbod med tanke på å omregulere til offentlege almennyttige føremål.
|
|
|