Det seier Linn Øie, som er elev i tiande klasse ved Stordal skule. Saman med resten av klassa hadde ho i går besøk av Sølvi Kjerstad frå Sparebanken Møre.
Elevane i tiande klasse står framføre sitt første val, nemleg kva dei skal ta til med til hausten. Då må dei tenkje på kva dei vil vidare i livet når det gjeld val av yrke.
Samarbeid
Sølvi Kjerstad fortel at dette er eit samarbeid mellom Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal og Sparebanken Møre.
Hennar oppgåve er å reise ut til skular og snakke om økonomi. Det handlar om å gjere val, der økonomi og budsjett også spelar ei rolle når ungdommen bestemmer seg for vegen vidare.
I går fekk dei mellom anna utdelt kvart sitt yrke med ei inntekt. Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser om lag kor mykje ein treng å budsjettere med når det gjeld til dømes bukostnader, transport, fritid, mat og klede.
Det er sjølvsagt skilnad på kva ein barnehageassistent og ein lege tener. Gjennom dette opplegget skal dei lære seg å kome ut i balanse. Dermed kan ikkje dei to yrkesgruppene velje det same. I tillegg må dei lære seg å setje av litt pengar til sparing, ikkje minst på grunn av at det kan kome utgifter dei ikkje har rekna med.
Val
Vi har fått gode tilbakemeldingar på opplegget, særleg på dette med å lære seg å ta omsyn til eit budsjett. Det dreier seg om at dei skal gjere eit val no, og det handlar også om å snu littt på tankegangen. Dei må stille seg spørsmål om kva dei er flinke til og kva dei vil med livet sitt, seier Kjerstad og viser til at mange gjer yrkesval utifrå kva dei kan vente seg i inntekt.
Uventa
Neste post på programmet er å handtere uventa utgifter eller inntekter. Dei får utdelt lappar med beskjedar. Arkitekten må kjøpe nye briller. Ei anna får 7.000 kroner i parkerinsgbot, men det er ikkje noko problem når ho har spart 2.590 kroner kvar månad. Verre er det for barnehageassisten med ei inntekt på 15.000 kroner i månaden å få ein meirutgift på 770 kroner i månaden til transport. Men det ser ut til å gå bra, han finn ut at kan kutte ned på andre utgifter.
Lærerikt
Både Martin Flatmo Hove og Linn Øie synest dette har vore ein lærerik dag. Dei har fått nye tankar når det gjeld økonomi.
Begge har bestemt seg for å velje almennlinje når dei skal på vidaregåande til hausten, Martin vil til Stranda, medan Linn har lyst å gå på Latinskulen i Ålesund.
Kva er grunnen til at de vel almenn?
Det gir muligheit til å gå vidare på høgskule etterpå, seier Martin.
Linn vel almenn for å ha større muligheit til å velje etter vidaregåande.
Dei to fortel at dei har hatt ein god del om yrkesval på skulen. Dei har også hatt samtalar med rettleiar og lærar John Helge Larsen, som dei synest dei har hatt stor nytte av.
Dei to er samde om at det viktigaste når det gjeld val av yrke er å ha ein job ein trivst i, lønna er ikkje avgjerande for kva dei vil velje.
|
|
|