Beste sesongen så langt

Hans Martin Gjedrem har vunne fem løp i europacupen på rad. I verdscupen har ikkje prestasjonane vore like gode.

19. februar 2009
Anneli Rem

Treningsforhold rett utanfor stovedøra med både blinkar og løyper. På dagens trening datt alle blinkar så nær som to på dei åtte seriane. Foto: Anneli Rem

Skiskytaren er heime på garden på Krikane i Valldal ein snartur etter at han på ny gjorde gode løp i IBU-cupen, som er årets europacup. Hans Martin gjekk inn til siger både på normaldistansen og på sprinten i Osrblie i Slovakia, 6.–8. februar.
– Totalt sett er dette den beste sesongen min. Eg har aldri gått så fort på ski, og treffprosenten ligg på 87 i europacupen. Det har vore godt nok til sigrar. I verdscupen ligg treffprosenten på 74. Der har det vore litt “stang ut” på skytinga, seier 28-åringen, som er godt nøgd med å leie årets europacup.
Det har gitt han kring 100.000 kroner brutto i premiepengar.

Var halvdårleg
Dei første sigrane kom i Nove Mesto 16.–17. januar. Det gav Hans Martin plass i verdscupen i Anterselva, men etter ein 23. og ein 29. plass der, var det tilbake på europacuplaget.
– Etter Anterselva var eg halvdårleg, ikkje sjuk, men i dårleg form. I tre veker fram til dobbelhelg med IBU-cup køyrde eg rolege økter. Eg hadde berre ei hard økt før dei neste renna, seier Hans Martin, som innrømmer at han var usikker på forma før løpa.

Ikkje skuffa
Sjølv om Hans Martin har vist god form den siste tida, er han ikkje skuffa over at han ikkje er med i den norske troppa til VM i Pyeong Chang i Sør-Korea.
– Det var uttak tidleg, og eg presterte for dårleg til å kome med. Hadde det vore jamnare kamp om plassane, hadde det vore skuffande. Eg synest eg har kome heldig ut av det, med tanke på det eg har prestert i år. Som sjettemann på VM-laget, kunne eg i verste fall vore tre veker i Sør-Korea utan å få gå eit einaste løp, seier Hans Martin, som har fleire mål å sjå fram mot denne sesongen.
Det er tre rundar til med verdscup, i tillegg står NM att. Gjedrem deltek først i prøve-OL i Vancouver, deretter er det verdscup i Sibir og han håper å få gå på heimebane under verdscupen i Trondheim. Som leiar i europacupen er han sikra å gå verdenscupavsluttinga i Kontiolahti.
Etter eit par veker heime i Norge reiser Hans Martin og Frode Andresen til Silver Star i Canada på høgdeopphald. Her skal dei gjennomføre eit prøveopplegg som eit ledd i dei norske førebuingane til OL i Vancouver neste år.
– Dei neste fire vekene er spikra, alle økter er bestemt, og vi køyrer same opplegg som er tenkt før OL. Vi skal teste ut dette og notere oss korleis det fungerer, gjere våre erfaringar og gi dei vidare til resten av laget. Det er ein stor fordel å få teste løypene, det er ein fordel til neste år, seier Hans Martin.

Nøgd med trenarane
Egil Gjelland og Raphaël Poirée har vore ansvarleg for både
langrennstreninga og skytetreninga på rekruttlaget det siste året.
– Eg har aldri hatt det så bra som skiskyttar. Eg er fornøgd med både laget og trenarane. Det er utviklande og motiverande. Begge trenarane er levande interesserte i å utvikle alle som vil bli gode i sporten, seier Hans Martin som trur at eit år til med dei vil gjere han til ein endå betre skiskyttar.
– Denne sesongen har eg endra både på skytestilling og treningsmåte. Det er ikkje same “timejaget” som før. Det blir sjølvsagt mykje trening, men konsentrasjon i treninga er nøkkelen. Eg føler meg sterkare enn før, men det er store rom for forbetringar, seier han og håper at han skal klare å få treffprosenten i verdscupen opp til det nivået han har i europacupen. Sekunda i sporet taper han som regel på førsterunden, medan han på sisterunden oftast er sterkaste mann.
– Korleis er livet som skiskyttar då?
– Det er slaraffenliv, smiler Hans Martin og siktar til dødtida mellom treningane og opplading til konkurransar.
– I ein tre vekes periode med fem konkurransar å byggje seg opp til kan ein lett få symptom på “brakkesjuke”. Då har vi god tid til å høyre på musikk og sjå film. Det er mykje reising. Eg har kring 250 reisedøgn i året og vert litt lei av å bu i bag, men eg trivest godt, seier han og lengtar ikkje etter vanleg åtte til fire jobb enno.
– Og kor vanskeleg er skiskyting?
– Det er eigentleg lett, men likevel vanskeleg. Du må vere steinhard i hovudet og det ligg mykje trening bak, seier Hans Martin og tenkjer tilbake på år etter år med trening.