Beste sesongen så langt

Ein om lag fullsett grenda-sal fekk oppleve 14 sceneinnslag på Ungdommens Kulturmønstring i Stordal. I I tillegg var det stilt ut to maleri.

19. februar 2009
John Kristian Hjelle

Changeable Blocks, med frå venstre Petrine Alne, Vegard Busengdal, Adrian Nakken, Kristina Malene Ravn Stavseng, Jenny Langlo og Kristofer Olai Ravn Stavseng spelte og song ”Junglejam”. Foto: John Kristian Hjelle

Fleire av dei som deltok var med på fleire innslag, både med song og dans. Ei av desse, Caroline Lervik, var først ut og sang ”Because of you”. Ho vart følgd av gruppa ”Cuitarra Chicas” med Helga Løset Skodjereite som song ”If a song could get to me” saman Sofie Flåte Busengdal og Malene Kirkebøe på gitar og Martine Lorgen Øvrebust på piano.

Dikt og musikk
Deretter entra ”Nomadane” scena. Dei kalla innslaget sitt ”På reise med nomadane, ute av boksen”. Innslaget var samansett av opplesing av dikt akkompagnert av ulike instrument. Kristofer Olai Ravn Stavseng på cello og Kristina Malene Ravn Stavseng på fiolin, Harald Olsvik på trompet, ukulele og trommer, Brynjar Nordby Blomvik på bassgitar, trombone og perkusjon, medan Martine Johanne Sparheim Aure og Andrea Vik Nordbrønd las mesteparten av dikta og akkompagnerte med matboks og eting av eple.
Denne gjengen går alle, utanom Kristina, på Fagerlia vidaregåande skule, og hadde om lag same konseptet med på UKM i Ålesund. Andrea
Vik Nordbrønd feira 17-årsdagen sin med å delta på UKM i Stordal.

Fleire songar
Neste innslag var song ved gruppa ”2BF”, som er sett saman av jentene Gunn Eli Hjelle, Yoon Young Chang og Agneta Lervik. Dei song ”Det beste jeg vet”.
Etterpå framførte Jenny Kristin Langlo sin eigenkomponerte ”Winter/Spring” på gitar og song.
Gruppa ”U.D.D.B.” består av Jarl Anders Hjelle på piano og vokal, Jonas Helland Johansen på gitar og David Vos på trommer. Dei framførte ”Hvem kan segla forutan vind”, før siste innslaget før pausen som var danseinnslaget ”Caroline og Kine show” med Caroline Lervik og Kine K. Tøsse.
Etter pausen fortsette Maria Holand Tøsse (piano) og Synne Fagermo (song) med songen ”I will always love you”, før også Jenny-Marita Sørås framførte sangen ”Because of you”. Så entra Caroline Lervik og Yoon Young Chang på nytt scena, denne gongen som dansegruppa ”The Hip Hop Zombies”. I neste innslag synte også Kristina Malene Ravn Stavseng si allsidigheit då ho til eige akkompagnement på piano song ”You are the moon”. Yoon Young Chang og Jenny-Marita Sørås var heller ikkje ferdig, saman song dei Abba-melodien ”Honey, honey”, før ”Changeable Blocks” med Adrian Nakken på trommer, Petrine Alne på bassgitar, Vegard Busengdal på gitar og Jenny Kristin Langlo, Kristina Malene Ravn Stavseng og Kristofer Olai Ravn Stavseng på vokal framførte ”Junglejam”.
Siste sceneinnslaget var ”Medley” med ”Folk og litt røvere” med Kristina Malene Ravn Stavseng på fiolin, Kristofer Olai Ravn Stavseng på cello og Maria Holand Tøsse på piano. Dei hadde sett saman fire eldre melodiar; ”Blåmann, Blåmann”, ”Vårsøg”, ”Å, eg veit meg eit land” og ”Sussebass” og avslutta UKM på ein både fin og artig måte.

Måleri
Dei utstilte arbeida var dei to maleria ”Brunello” av Kine Kvammen Tøsse og Jenny-Marita Sørås, og ”Ein god årgang” av Martine Lorgen Øvrebust, Kristiane Nakken og Amalie Dyrkorn.
Mange fine prestasjonar vart vist på dette UKM i Stordal. Det vert ikkje noko enkel sak for juryen, som består av Terje Aasen, Randi Haugen, Marita Ekroll og Eva Holmelid, å prioritere kven dei skal sende vidare til fylkesfinalen.