Hevda seg godt i junior-NM |
||||||||
![]() |
BARDUFOSS: Det var litt skuffande at eg ikkje fekk betre utteljing i skøyting som er favorittstilarten. På ti kilometer klassisk og i kretsstafetten er eg svært tilfreds med prestasjonane mine, sa Lars Anders Hoel. |
|||||||
|
||||||||
Geir Marius Øie var ein av dei frå vårt fylke som overraska positivt. Foto: Svein Halvor Moe
|
||||||||
Valldalsløparen hadde grunn til å vere fornøgd med innsatsen i junior-NM. Lars Anders hadde bortimot full klaff i to av tre renn. 27.plassen er noko av det beste han har gjort i nasjonal samanheng. Nivået i norsk juniorlangrenn er ekstremt høgt. Breidda er stor i ein idrett der du skal gå fort for å bli blant dei 100 beste i NM. Hoel som har sitt daglege virke på idrettslinja på Stranda, var inneforstått med at det ville bli tøft å hevde seg i junior-NM. Han bestemte seg likevel for å leggje lista høgt i forkant av opningsdistansen. Andreårsjunioren sikta seg inn mot topp 20-plassering. Det gjekk litt for tungt til at han klarte å kjempe så høgt opp på resultatlista. 44. og premieplass i dette selskapet let seg også høyre av ein kretslagsløpar. Opptur Eg fikk ikkje den opninga eg ønskte og var spent på fortsettelsen. Laurdagens tikilometer vart klart ein opptur. Det var godt å kjenne at kroppen fungerte, sa Lars Anders til lokalavisa. Han fekk oppmuntrande tilbakemeldingar allereie på dei første sekunderingspostane. Hoel gledde seg over at kroppen responderte då han ga på i bakkane. Dei var det mange av i det idylliske NM-anlegget. 17-åringen følte han fekk tatt ut alt og var tilfreds med innsatsen da milløpet var over. Fornøgd var han også med søndagens stafettetappe. Møre og Romsdal hadde eit brukbart lag på papiret i kretsstafetten. Kvartetten gjekk inn til 17.plass som var litt under pari. Nye NM-muligheiter Inspirerande |
||||||||