– Det har svinga før

– Eg er så heldig å ha snart åtte barnebarn, då er eg rik, seier Ragnhild Flåen når Storfjordnytt møter henne ved kjøkkenbordet i Stordal. Ho er heime frå arbeidet ved Vad denne veka og har fått tid til å reflektere litt over hendingane i førre veke.

26. februar 2009
Randi Flø

Ragnhild Flåen er hovudtillitsvald ved Vad AS.

Det vart hektisk for Ragnhild nokre dagar i førre veke. Møbelfabrikken Vad måtte seie opp 18 av dei tilsette og permittere 22 andre. Ragnhild er hovudtillitsvald ved fabrikken.
I mai vert det tre år sidan ho tok til å jobbe på Vad. Ho har lang fartstid innan møbel, der ho har hatt arbeid sidan 1980. Pedro var første arbeidsstaden. Litt av det same som ho har opplevd siste tida har ho vore gjennom før, det skjedde då Modi vart overteke av Hjellegjerde, som igjen flytta avdelinga til Sykkylven.

Optimistar
– Vart de overraska då meldinga om oppseiingar og permitteringar kom?
– Nei, eg trur dei fleste hadde sett det ei stund, seier Ragnhild.
– Har leiinga vore flink nok til å informere undervegs?
– Det er klart det er vanskeleg for dei å informere godt nok, og dei har nok vore optimistar for lenge, permitteringane skulle nok ha kome litt før, meiner ho.
Vad sine kundar er stort sett institusjonar og skispverft, mellom andre Kleven. Ho håper og trur at situasjonen vil rette seg, at dette er ein kneik industrien må over, til liks med mange andre næringar. Det har alltid vore svingingar i møbelindustrien.

Usikkert
Det er ikkje til å kome bort frå at stemninga i Stordal er prega av uvisse. Også ved dei andre fabrikkane er det eller har vore permitteringar, oppseiingar og avkorta arbeidsveker. Ho reknar ikkje med at dei permitterte ved Vad er tilbake i arbeid før påske, men ho veit det ligg ordrar som er klare til å verte underteikna.
– Korleis er det å vere tillitsvald i slike situasjonar?
– Når slike ting skjer, får ein bryne seg. Vi har fått hjelp av forbundet, som kan spelereglane, seier Ragnhild og legg til at ho var ganske sliten då ho kom heim att torsdag i førre veke.
Av dei som vart oppsagde, visste nok dei fleste kven som stod for tur. Dette går etter ansiennitet og kompetanse på dei ulike avdelingane.
– Det er grunnprinsippet, men det blir aldri heilt konsekvent etter kva dato ein tok til i bedrifta.
Mellom dei oppsagde ved Vad er det folk frå Stordal, Norddal, Ørskog og Stranda.

Sårbart
Med såpass einsidig næringsliv er Stordal sårbar for svingingar. Ragnhild minner om at dei pessimistiske spådomane som kom etter at Hove vart lagd ned ikkje vart noko av. Det har kome nye arbeidsplassar, ikkje minst ved Vad, men også dei andre fabrikkane har utvida arbeidsstokken.
Sjølv vel Ragnhild å vere optimist og tru at det snur også denne gongen. Skipsverfta var nøgde med pakken frå regjeringa, fleire kontraherte skip betyr også større sjansar for møbelbedrifta Vad.
Ragnhild har vore leiar i den lokal møbelarbeidarforeininga, men let frå seg dette vervet på årsmøtet i førre veke. Ho vil ikkje akkurat skryte av stort engasjement frå medlemmene si side, men det er ei foreining som fungerer og er god å ha, spesielt i usikre tider.

Stordaling
Ragnhild trivst godt i Stordal, ho kjenner ikkje så godt ungdomsmiljøet no, sidan ho har vaksne ungar og er ferdig med kakebaking til ulike arrangement, som ho seier. For nokre tiår sidan var det eit ras med trønderarar og nordlendingar som kom flyttande til Stordal for å arbeide i møbelindustrien. Såpass mange innflyttarar i forhold til folketalet meiner ho har hatt ei positiv effekt på miljøet i bygda.
Sjølv er ho fødd og oppvaksen på Flåen på Dyrkorn, der det for kort tid sidan gjekk eit stort steinras. Ragnhild fortel at ho fekk telefon om det som hadde skjedd om kvelden og reiste ut, men fekk ikkje vere der så lenge på grunn av faren for at det kunne kome meir stein. Ikkje før dagen etter gjekk det skikkeleg opp for henne kva som hadde skjedd, og ho synest det er skremande.

Hytte
Ragnhild har hytte på Langsetrane, og der trivst ho godt. Nesten kvar helg frå februar/mars til snøen kjem finn ho roa på hytta, utan straum og vatn.
– Tek det til å bli for mange hytter i dette området?
– ikkje for mange, men eg synest kanskje at nokre av dei vert for store, nesten som hus, sier ho og legg til at for henne er hyttelivet det å ha det enkelt.
Der likar dei seg barnebarna også, om veret blir nokolunde, vert det nok ein tur på hytta no i vinterferien.