Ny elvepromenade |
||||||||
![]() |
Storfjordnytt har vore ute saman med formann i Eidsdal elveeigarlag, Lars Ivar Ytterdal, og prøvegått den nye elvepromenaden langsmed elva. |
|||||||
|
||||||||
Formann i Eidsdal elveeigarlag, Lars Ivar Ytterdal, på den nye gang-vegen.
|
||||||||
| Gangvegen er eigentleg siste del av eit prosjekt elveeigarlaget har hatt gåande dei to siste åra for å gjere det lettare for fiskarane å bevege seg langs elva. I fjor hyra dei Eidsdal Bygdeservice til å rydde langs elva heilt opp til Veibergshølen. Dei fekk også ordna til ein veg frå Fredvang og ned til Norddal Industrier. Også “Øybrua” har dei fiksa på i løpet av dei siste to åra med nytt dekke og nytt rekkverk. Dette siste prosjektet med gangvegen er det Inge Relling som har hatt arbeidet med. Området er blitt rett så fint. Elveforbygningen er planert og grusa frå brua og opp til Bruland. Arbeidet er så fint og skånsamt utført at ein nesten ikkje kan sjå at det har vore maskiner der. Tre og busker er bevart så langt det har vore mulig. Lars Ivar vil gjerne takke entreprenøren Inge Relling for framifrå arbeid. Han takker også Sparebanken Møre for gåvemidlar. Benker og blomar Det han no ynskjer seg, er at det blir plassert ut nokre benker og blomar langsmed gangvegen. Kanskje helselaget eller pensjonistlaget ynskjer å bidra med eit par benkar, undrar Lars Ivar. Han vil også oppmode Norddal kommune om å få fortgang i arbeidet med ein tilkomst til gangvegen frå omsorgsbustaden og også at dei så snart råd er, gjer noko med det området ved elva som vel opphavleg var tenkt som leikeplass. Tenk så fint det ville vore om kommunen kunne ordne til eit parkliknande område, ordentleg beplanta, med benker til å kvile på og leikestativ for ungane. Då ville området langs elva verkeleg kunne bli ein populær stad for rekreasjon, fritid og leik. Om ikkje anna, vonar han at kommunen kan bidra med eit par søppelstativ som kan setjast ut langs gangvegen. Har elveeigarlaget noko namn på gangvegen? Nei, det har vi ikkje tenkt på, seier Lars Ivar, men tek gjerne imot gode forslag til namn på “elvepromenaden”. Svært nøgd |
||||||||