Både skuffa og letta ved laminatavdelinga

Mesteparten av dei tilsette ved Hove i Stordal er positivt overraska over at det er eit nytt selskap som skal drive laminatproduksjon. Men dei er skuffa over at den nye avdelinga vert etablert i Sykkylven i staden for å bruke dei godt eigna lokala i Stordal.

5. mars 2009
Randi Flø

Dei er letta over å få vite kva som skjer, men skuffa over at avdelinga i Stordal vert lagd ned. Frå venstre: Lars Kristian Øvrebust, Ottar Røren og Marit Lilleås Staurset.

Fredag var dei innkalla til møte ved Hjellegjerde i Sykkylven. Det er Hjellegjerde som eig avdelinga i Stordal. Dei tilsette har lenge vore usikre på kva som kom til å skje med arbeidsplassane deira. Signala frå eigaren Hjellegjerde har vore sprikande og usikre.
– Dei fleste var førebudde på at det ville kome noko nytt, og vi vart vel positivt overraska på den måten at det skal kome eit nytt selskap som skal stå for laminatproduksjonen, seier tillitsvald Marit Lilleås Staurset.
Det verste dei kunne frykte var nedlegging og tap av arbeidsplassar. No har dei fått munnleg tilbod om å arbeide ved den nye laminatavdelinga i Sykkylven frå 1. august, som er datoen for at dei skal vere ute av lokala i Stordal.

Ti årsverk
Når vi kjem til den datoen, er det ti årsverk ved Hove. I dag er det 14, der fire er oppsagde og blir ikkje med lenger enn fram til 31. mai.
Lars Kristian Øvrebust har fått seg anna arbeid og kjem til å slutte. Han understrekar at det ikkje er i forhold til Hjellegjerde. Han kunne godt tenkje seg å halde fram om det var betre utsikter. Ottar Røren blir heller ikkje med til Sykkylven, han har bestemt seg for å ta ut AFP det siste året før han vert pensjonist.
– Vi har ikkje noko val, seier dei fleste av dei tilsette når vi spør om dei vil pendle til Sykkylven på arbeid etter 1. august.

Eventyr
– Eg er skuffa over at eit langt eventyr no er over, seier Ottar Røren.
Han begynte 1. januar 1966 ved det som den tid var Hove Møbler, og har dermed vore der i 43 år.
– Det er lett å bruke hjertet meir enn hovudet, men når ein så langvarig produksjon av laminat forsvinn frå bygda, er det låkt, seier han og viser til at det var 165 tilsette ved Hove Møbler på 90-talet.
– Det er leitt og trist for heile bygda at det forsvinn, sjølv om det har vorte suksessivt nedbygd, seier han.
Røren meiner det er viktig for møbelklynga på Sunnmøre at det finst ei bedrift som kan forsyne dei med laminat.
– Tapet av arbeidsplassar i Stordal er leitt nok, men dersom dette kan vere med på å sikre annan møbelindustri på Sunnmøre og i Stordal, er det bra, seier Lars Kristian Øvrebust.
Marit Lilleås Staurset seier at det er positivt at det er så mange interessentar bak den nye laminatbedrifta, at det ikkje er berre Hjellegjerde.

Kompetanse
Dei kan slå fast at laminatavdelinga i Stordal er den billegaste og beste, og dei skulle gjerne ha sett at ho vart utvikla vidare. Det er ei flott og moderne laminatavdeling som det er få som kan måle seg med i europisk målestokk. Både kompetanse og maskiner er på topp. Dei meiner at her er det kapasitet til å dekkje heile behovet for laminat på Sunnmøre.
– Det tek til å bli betydeleg ansiennitet mellom dei som jobbar her. Det seier også noko om kompetansenivået. Det har vore litt av ein prosess, vi har fått leggje opp produksjonen sjølve og kollektivt skapt eit godt miljø, folk har likt seg her, seier dei.
Dei viser til at dei la opp ei betre produksjonslinje. Sjølv om dei vart reduserte frå 19 til 15 tilsette, klarte dei å auke omsetnaden. Det har vore god stigning i effektiviteten dei siste fem åra.
– Det er positivt med nytt laminatselskap, men vi skulle gjerne ha sett at det vart her eller i andre eigna lokale, konluderer dei og legg til at dei er spente på kor stor del av lamineringa som blir i Sykkylven og kor mykje som går til Danmark.