Det fortel brannsjef i Norddal, Lars Kjell Smoge, om den første meldinga då det tok til å brenne på Ytterli i Fjørå natt til måndag.
Han seier at det slo han med ein gong at dette er ein plass med relativt dårleg med sløkkjevatn. Derfor rekvirerte han med ein gong tankbilen til brannkorpset i Stordal. Derifrå kom det tre mann, som var med på arbeidet heile natta saman med dei tolv frå brannkorpset i Valldal. Dei to tankbilane gjekk i skyttel mellom sjøen og Ytterli heile natta. I tillegg fann dei litt vatn i ei grov i nærleiken av bygningane.
Sterk vind
Smoge fortel at då brannfolka kom fram, var driftsbygningen overtent. Det var berre dei ytre rammene som stod att. Huset stod såpass nær løa at flammane allereie hadde gripe fatt i huset også. Dei såg flammane slå ut på baksida.
Vi forstod at det var nyttelaust å berge det. Med den sterke vinden var vi redde for at elden ville utvikle seg også i skogen ovanfor. Vår oppgåve vart å dempe ned så godt som råd, fortel Smoge og legg til at det vart eit bra gnistreregn som dreiv
over mot naboen i vindkulene. Han sjekka også om skogbrukshelikopteret var tilgjengeleg i tilfelle det kunne verte bruk for det, men det var stasjonert på Sørlandet.
Smoge seier seg glad for at det var tørre vegar. Det er ikkje alle stader der oppe med smale vegar det er så lett å snu ein stor tankbil, hadde det vore glatt og blank is hadde det vore verre.
Til stades kom også ambulanse, politiet med to mann og eit overbefal frå Ålesund.
Vatn
Er vasstilgang eit generelt problem rundt om i bygdene?
Der det er større vassverk, er det ikkje noko problem, men dei ligg som regel i nedre deler av bygdene. Når ein kjem lenger opp, er det eit problem på begge sider av fjorden, seier Smoge og legg til at dei har ein tankbil som har såpass med vatn at dei skal berge folket.
No har det vore to brannar på åtte dagar. Korleis ser statistikken for Norddal ut?
Norddal ligg på ein gjennomsnitt på seks-sju brannar i året. Held det fram slik, får vi eit unormalt år, seier brannsjefen.
Smell
Er det mulig å seie noko om brannårsaka på Ytterli?
Nei, det er for tidleg å seie noko om. Vi veit at folk vakna av ein smell, som dei hadde høyrt både i Vika og nede ved sjøen, seier Smoge og karakteriserer det som ein viktig smell, som gjorde at folka vakna.
Han vil ikkje spekulere i kva som har utløyst dette. Det har vore ei form for eksplosjon, deler av driftsbygningen låg spreidd utover området.
Berga
Det viktigaste er at familien, to vaksne og to ungar, fekk berga seg ut av huset. Dei klarte også å få med seg nokre ting.
Naboen Erling Rødal vart oppringt av brannvesenet og spurd om å gå for å sjå om han kunne berge ut nokre av sauene, men alt då var brannen så omfattande at det ikkje var råd.
|
|
|