Spennande stafett

Det vart mange spennande oppgjer under KM-stafetten på Valldal stadion laurdag.

12. mars 2009
Randi Flø

Stordal sitt eine lag, f.v. Fredrik Øie, Jenny Marita Sørås og Martine Lorgen Øvrebust.

Då sola kleiv Bjørstadnakken, vart det reine påskestemninga og det forholdsvise talrike publikummet kunne gle seg både over spenning på stadion og ei varmande marssol.

KM-stafett
Det var Valldal idrettslag som initerte til stafett i gode løyper, trass i ein lang midlversbolk.
Dei yngste var som vanleg først ute. I klassa for gutar 11-12 år var det sju lag som stilte til start. Her var det eitt av Stordal sine to lag som stakk av med sigeren etter tre etappar. Det var to miksa lag, det vil seie med både gutar og jenter. Laget som kom på første plass, hadde med to jenter og ein gut, laget som hadde nest beste tid, hadde to gutar og ei jente. I jenteklassa vart det tredjeplass på laget frå Eidsdal.
Neste klassa handla om aldersgruppa frå 13 til 16 år. Ingen av våre lokale lag stilte i denne klassa, og sigeren gjekk ikkje uventa til Emblem. Trond Marius Vad og Iver Matias Linge Glomnes stilte lag saman med Robert Sørås frå Stordal, og hamna midt på treet.
I jenteklassa plasserte Stordal sitt lag seg på andreplass og Eidsdal på tredje.

Seniorar
Mellom seniorane var det berre lokale lag i herreklassa. Her vart det spennande. Etter første etappe var det klar leiing til Eidsdal med Jon Kåre Løvoll, som dessutan sikra seg beste etappetid. Nils Eldar Ytredal mått la både Lars Anders Hoel frå Valldal og Pål Bjørn Øvrebust frå Stordal gå framom på andre etappe. Dermed kunne Lars Petter Hauge på Valldal sitt lag gå i mål til førsteplass. Like bak kom Eric Ryan frå Stordal og sist vart Eidsdal med Frode Rønneberg på siste etappe.
Like spennande vart det ikkje i kvinneklassa. Eidsdal med Coby og Lene Ytredal og Siv Kristin Tafjord sikra sigeren over det andre laget i klassa, Emblem. Vi merkar oss at det var Coby som hadde beste etappetid av dei alle.

Til Bondalseidet
Søndag var det mange av våre løparar som tok turen til Bondalseidet for å gå KM fristil individuelt. Lars Anders hoel frå Valldal var uslåeleg i 18-årsklassa og kom i mål 2.07 før andre mann.
Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal tok ein klar siger i 12-årsklassa med Jenny Marita Sørås, også frå Stordal, på ein god tredjeplass. Iver Matias Linge Glomnes kom inn på fjerde beste tid i si klasse, medan Robert Sørås frå Stordal plasserte seg på femteplass i klassa si. Trond Marius Vad mått sjå seg slegen av to romsdalingar i klasse 15 år.
Stordal fekk endå ein kretsmeister, då Eric Ryan gjekk inn til førsteplass i klasse menn 17 år, medan Siv Kristin Tafjord frå Eidsdal vart kretsmeister for damer senior.