Vegen i Fjørå ferdig i sommar

– Fristen for å vere ferdig er sett til 1. juli, men vi håper vi kan blir ferdig før, seier Jon Grebstad.

19. mars 2009
Randi Flø

Neste veke vil Volda Maskin starte arbeidet på vegen i Fjørå dersom alt går etter planen. Arkivfoto


Han er dagleg leiar ved Volda Maskin som fekk tilbodet om å ta arbeidet med fylkesvegen til Fjørå. Han forklarer at det var deira firma som var innstilte på å få anbodet, men det er ein frist på tre veker for dei andre å klage. Denne fristen går ut i dag. Om det ikkje er noko klage som er innkomen, reknar Grebstad med at dei kan skrive kontrakt på måndag. Dermed kan arbeidet ta til allereie neste veke.

Utvide
Dei skal utvide vegen frå om lag der høgspentlinja går, ned bakken til Fjørå og krysset til Tafjord. Bakken skal hevast med to meter forbi den gamle fabrikken. I tillegg skal vegen utvidast til standard vegbreidde på fylkesvegar. Samstundes vert det lagt ei vassleidning langs vegen. Den steinen som ikkje vert nytta til vegarbeidet ,skal brukast til å lage småbåthamn i Fjørå.
Grebstad ser på dette som ein forholdsvis enkel jobb.

Hefte og plunder
Han seier det kjem til å verte litt hefte og plunder ei tid. Dei må stengje for trafikk når dei skal sprengje. Dette kjem vegvesenet til å kunngjere nærare.
Det er sett ein frist for å vere ferdig til 1. juli, men Grebstad ser ikkje vekk frå at dei kan verte ferdige før det.
Alt etter kva som skal gjerast, vil dei tilpasse kor mange som vert i arbeid her, men på det jamne vert det fire-fem mann.