Sindre Helland er faktisk den einaste i verda som har delteke på alle VM for veteranar. Dette vart markert i Rupholding der han fekk ei utmerking, ein glasplakett med inskripsjon om at han var den einaste, uansett land, som har delteke på alle VM.
Det var kjekt å verte sett pris på, seier Sindre Helland.
210 hopparar
Rupholding er først og fremst kjent som ein skiskytarstad, men det er også hoppbakkar der.
I VM for veteranar, som er for aldersgruppa 30 år og eldre, deltok det 210 hopparar frå 16 land i dei ulike klassane.
Meisterskapet gjekk over fire dagar frå onsdag 4. mars, og vart avslutta laurdag med kombinert. Det skulle også ha vore laghopp den dagen, men det vart avlyst grunna dårleg vêr.
5-årsklassar
Veteranklassane er delt opp i 5-årsklassar; 30-34, 35-39 osv. Joakim deltok i den yngste klassa, der han tok bronse i 60-meter bakken, medan han vart nr 6 i 90-meter bakken. Det var elles sterk konkurranse for Joakim, kjente navn som Andreas Goldberger og Andreas Wiedhoelzl dominerte i dei yngste klassane. Andreas Wiedhoelzl var med i worldcup så seint som i fjor. Sindre deltok i klassa 55-59 år, og vart nr. 13 i 60-meteren og nr 4 i 40-meteren.
Spesielt med far og son
Det er noko spesielt at far og son stiller i same VM. Det er så vidt eg veit, første gong. Første kvelden var det offisiell opning og kyrkjekonsert, og det var premieutdeling kvar kveld etter renna.
Over 50 nordmenn var med, og det vart fleire medaljar til Norge.
Frå Sunnmøre var vi sju mann med, som alle trenar i Fjellbakken. Av desse er vi fire som representerer Stordal IL. Utanom meg og Joakim er det Kåre Holmen som deltek i klassa 60-64 år der han vart nummer 4, og Ole Hemannsen som deltek i klassa 55-59 år. Han vart nummer 16. Neste år vert VM arrangert i Slovenia, så det er vel berre å begynne å trene, seier Sindre.
KM i Fjellbakken
Neste laurdag arrangerer hoppgruppa i Stordal IL Kretsmeisterskap i hopp i Fjellbakken, og det er antyda at det kjem hopparar både frå Trøndelag og Austlandet for å vere med.
|
|
|