Gode historier på palmesøndag

Den som ikkje allereie har lagt planar for palme-søndag kveld, bør merke seg at det skjer noko spennande på Valldal samfunnshus. Gode lokale historier er på menyen.

26. mars 2009
Randi Flø

Denne gjengen skal ta seg av historieforteljinga på samfunnhuset i Vallldal. Frå venstre: Jens Lingaas, Martinus Hoel, Svein Linge, Astor Furseth og Jostein Døving. Mons Heggen vert også med.

I samband med kulturminneåret 2009 vil fleire lag og organisasjonar gå saman om å skipe til ein bygdekveld der det vert fokusert på dei gode historiene. Dette er det meininga å få til i alle bygdene. I Valldal er det no lagt konkrete planar for palmesøndag.
På samfunnshuset vert det ulike utstillingar, der både bygdekvinnelaget, husflidslaget og sogelaget tek del. Det er snakk om mattradisjonar med smaksprøver, garnbøting, gamle klede, fangstfeller og mykje meir.

Gode historier
Ei gruppe med Svein Linge i spissen vil lage til ei forteljarstund. Her vil dei fokusere på gode historier og gode replikkar. Måndag sette dei seg ned for å planleggje. Dei vart mellom anna samde om at tema skal vere liv og lagnad. Det vert nok ikkje vanskeleg å finne historier. Allereie på planleggingsmøtet kom den eine historia etter den andre. Folk i salen får òg høve til å bidra med sine historier.

Aktuelt
Jostein Døving hadde ei som han synest passar godt i samband med namnestriden mellom Dalsbygda og Norddal. Den gongen gjekk det ein langvarig og djup strid om det skulle heite Eidsdal eller Ytterdal. Tidleg på 60-talet var dei på basar på bedehuset, inntekta skulle gå til fantesaka. Det var lensmannsfrua Kristina Berge som var leiar. Då det skulle vere loddtrekning, ropte ho fram sjølvaste lensmann Berge for å ta seg av det. Det var lappar med fleire fargar, bokstavar og tal. Så høyrde dei lensmannen rope: “Grøn lapp, Y for Eidsdal.”
Det var berre ein smakebit, fleire historier får du høyre på samfunnhuset palmesøndag.