| Det seier ein særs tilfreds ordførar i Stordal, Charles Tøsse. Tysdag kveld var det idémeyldring og meir enn 70 stordalingar fann vegen til Stordalshallen for å engasjere seg i opplegget.
Barnas kommune
Bakgrunnen er prosjektet “Stordal barnas kommune”. Det er sett ned ei prosjektgruppe med politikarar, folk frå administrasjonen i kommunen og ungdomsrådet. I&M Kommunikasjon As er engasjert for å ta seg av gjennomføringa. Målet er å marknadsføre Stordal kommune som barnas kommune. Bakgrunnen er både alt det fine tilbodet som finst for born og unge i dag, og kva dei kan gjere for å utvikle dette endå meir.
Målet er å skape eit endå betre lokalsamfunn for dei som bur der i dag. I tillegg har vi som mål å auke folketalet. I ein nyleg vedteken strategisk næringsplan er målet at vi skal ha 1.100 innbyggjarar i 2015, seier ordføraren.
Kreativitet
Dei som deltok på idémyldringa tysdag vart inviterte til å vere kreative og diskutere med kvarandre. Dei ideane som kom fram skulle noterast på fem plakatar som hang rundt i rommet. Fem kategoriar var sette opp: Kva må til for at fleire skal flytte til Stordal? Kva er det mest positive med å bu i Stordal? Vel ein ting du vil forbetre i Stordal. Kva er mindre positivt med å bu i Stordal? Viss du skulle skryte av ein ting i Stordal, kva?
Plakatane vart stappfulle med idear og argument.
Nytt møte
Allereie neste tysdag er det vidare framgang i arbeidet med prosjektet. Då er lag og organisasjonar inviterte til idédugnad.
Tøsse seier at styringsgruppa vil jobbe vidare med innspela som er komne på bordet og ta imot fleire.
I næraste framtid vil eit magasin som går til innbyggjarane i Stordal, også verte sendt ut til ein del utflytta stordalingar.
Breitt engasjement
Kvifor har de valt å denne måten å gjennomføre prosjektet på?
Det er heilt bevisst å engasjere flest mulig. Om vi skulle køyre dette som eit kommunalt prosjekt, ville det gjerne verte meir teoretisk og gjerne dette saman etter ei tid. Om vi skal lykkast, er vi nøydde til å få med flest mulig, både det offentlege, bedrifter, lag og organisasjonar og ikkje minst einskildpersonar, seier Tøsse.
Etter idémyldringa tysdag er han styrkt i trua på at dette er rette måten å gjennomføre prosjektet på.
Stordal er godt i gang på vegen mot å profilere seg som ein god arbeids- og næringslivskommune, der fokus på barn og unge ligg i botnen.
|