Spelemenn med gode resultat

To andreplassar og ein siger vart resultatet for norddalingane som var på fylkeskappleik i Fosnavåg i helga.

2. april 2009
Britt Ingunn Maurstad

Valldal spelemannslag vart nummer to, berre slått av Dåm og Drag. Foto: Anne Kari Gutsveen Ytterdal

Valldal spelemannslag stilte mannsterke denne gongen. Dei hadde med seg sju rekruttar som sjølv om dei høyrer til spelemannslaget, kalla seg Rekruttlaget Indre Fjordstrøk.

Spelte til dans
I tillegg til konkurransane, spela spelemannslaget til dans laurdag kveld. Morgonen etter var dei med på folkemusikkgudsteneste i Herøy kyrkje der alle deltakarane spela to fellesnummer, ein brudeslått og ein polka.

Tre klasser
Musikantane våre deltok i tre klasser og gjorde det svært så bra i konkurransane. Spelemannslaget kom på 2. plass i sin klasse lagspel med komp senior. Thea Marie Ytterdal kom på 2. plass i fele klasse C og Thea Marie Ytterdal og Ingunn Linge Valdal vann klassa felegruppe utan komp senior.
Framifrå innsats gjorde også rekruttane Eline Eide Grønningsæter, Mari Bjørnstad Hjelle, Dana Haberberger, Emma Ytterdal, Jenny Kristine Nystad, Malene Olea Linge Valdal og Oda Elen Krågebakk. Alle rekruttane, med unntak av Emma Ytterdal, var debutantar i kappleiksamanhang.