Vil halde på eigen prest |
||||||||
![]() |
At Stordal vart eige sokn med eigen sokneprest er noko av den mest positive kyrkjelege ordninga som har kome Stordal til del på uminnelege tider. Både kommunestyret og soknerådet går imot framlegget frå prosten om å dele prest med Ørskog. |
|||||||
|
||||||||
Kommunestyret i Stordal ynskjer å ha eigen sokneprest som er busett i kommunen. Arkivfoto
|
||||||||
| Stordal sokneråd skriv i eit brev til Møre bispedømeråd at dei har vore svært godt nøgde med å ha eigen sokneprest frå 1. januar 2007, etter tidlegare å ha hatt prest saman med andre sokn. Ledig prestestilling Etter at sokneprest Nils Beite gjekk av med pensjon 1. mars, er no stillinga som sokneprest i Stordal ledig. I samband med dette vil prost Øystein Kjølberg gjere endringar. I eit notat skriv han at etter samtalar og forståing med bispedømekontoret går han inn for å gjere justeringar for å gi prosten betre rammevilkår til å gjere tenesta som leiar i prostiet. Han vil at soknepresten i Stordal også skal verte sokneprest i Ørskog og jobbe i team saman med dei to andre sokneprestane, i Skodje og Norddal. Prosten meiner at dette teamarbeidet skulle vere ein fordel for alle dei fire sokna. Bustad Strekkje seg |
||||||||