| Han har brukt påska på å feriere i Valldal, som så ofte før. Ivrig fiskar som han er, fortel han at han har registrert ulovlege garn på Linge. Hansen kontakta lokalavisa for å nytte høvet til å påpeike dei ulovlege forholda.
Ikkje djupt
Per Øyvind Hansen fortel at han fredag morgon kom utover ved Lingestranda i båt. Han fiska med sluk og stong. Brått sette han sluken fast i eit garn. Garnet viste seg å vere fast i land og stod ikkje djupare enn at han kunne strekkje ned handa og ta i det. Også ein annan stad på Linge stod det garn på same måten.
Så irritert vart han at han ringde politiet, men fekk til svar at dei ikkje hadde kapasitet. Hansen gjekk inn på nettstaden ulovligegarn.no og registrerte det han hadde observert.
Hansen seier at det er ulovleg å ha garn festa i land og at dei skal stå minst tre meter under havoverflata. Dessutan skal dei vere merka med namn og adresse, dersom det er fritidsfiskarar. Yrkesfiskarar skal merke med registreringsnummeret til båten.
Ørret
Hansen har vogn på Jamtegarden og tek turen frå Ålesund og innover ofte. Ikkje minst likar han seg godt på grunn av muligheitene for å fiske, men han er oppteken av at det skal skje på lovleg vis. Han er også svært oppteken av ørretbestanden.
Dette er det viktigaste oppvekstområdet for sjøøretten i elvane. Fisken går så konsentrert at eit garn utgjer mykje for bestanden. Det er ikkje ubetydelege mengder som vert fiska med garn, seier Hansen.
Vi møter han ved den gamle kaia på Linge. Det sprett ein og annan ørret ute i fjorden.
Hadde det vore for ti år sidan, hadde det sprotte fisk heile vegen. Bestanden har gått veldig ned, seier han.
Men det skuldast vel ikkje berre ulovleg garnfiske?
Nei, det er klart at oppdrettsanlegga må ta sin det av skulda, seier han og siktar mellom anna til lakselusa.
Rekreasjon
Per Øyvind Hansen seier det kun er lovleg å fiske ørret med stong. Han kallar det ein fantastisk rekreasjon å fiske, og meiner det skal vere vanskeleg å fiske ørret. Dei mest attraktive på denne tida er det han kallar gjeldfisk, dei som overvintrar i sjøen og har vorte feite og fine. Får han ein vinterstøing, set han ut att med ein gong.
Å setje garn etter ørreten er som å stele frå elveeigarane. Dei steller elva for at fisken skal kome og lagar restriksjonar for å oppretthalde stammen, seier Hansen og legg til at det er ikkje han som har laga reglane, men at dei er der for å følgjast.
Vi veit kor viktig det er å vere måtehalden, avsluttar Hansen.
|
|
|