Verdig og høgtideleg markering

Tysdag 7. april inviterte Solberg Ungdomslag, Tafjord Ungdomslag og Norddal kommune til 75-årsmarkering til minne om dei 40 som miste livet i Tafjordulykka.

16. april 2009
Britt Ingunn Maurstad

Synnøve Rødal (9 år) og Liv-Randi Rødal (9 år) ved minnestøtta i Tafjord der fylkesmann Ottar Befring la ned krans. Foto: Britt Ingunn Maurstad

Dagen starta med ein pressekonferanse på Kraftmuseet i Tafjord der vi fekk ei orientering om planane til eit skredsenter i Tafjord. Initiativtakarane til skredsenteret er Tafjord Kraft og Norddal kommune.
Tanken er at skredsenteret skal samlokaliserast med Kraftverksmuseet i Tafjord og senteret skal formidle fakta, informere om og lære oss om dei naturkreftene vi lever med kvar dag. Både kommunen og Tafjord Kraft synest tanken om samlokalisering er spanande, og begge partar seier dei vil strekkje seg langt for at skredsenteret skal bli ein realitet. Astor Furseth var også til stades på pressekonferansen og presenterte den nye boka si “Dommedagsfjellet – 75 år etter.
Deretter starta den offisielle markeringa, først i Fjørå, så i Tafjord. Fylkesmann Ottar Befring la ned krans ved minnestøttene og Valldal Hornmusikklag spela begge stader.

Fjørå
Minnemarkeringa starta ved minnestøtta i Fjørå der ordførar Bjørn Inge Ruset ynskte velkomen til minnemarkeringa. Han gav ordet vidare til fylkesmann Ottar Befring som tykte det er prisverdig at Fjørå og Tafjord er levande bygder, trass i ulykka og trass i at fjella framleis er farlige.
– Det vitnar om tru på framtida, trass i alt, sa han.
I Fjørå var det Veronica Stennes Valdal på 8 år og Synne Hovden på 7 år som kransa minnesteinen med kvart sitt norske flagg.

Tafjord
I Tafjord var det syskenborna Synnøve Rødal (9 år) og Liv-Randi Rødal (8 år) som kransa minnestøtta med norske flagg.
Ordførar Bjørn Inge Ruset opna også her og fortalde om dei som så vidt berga livet ved å klatre opp på steinen bak minnestøtta. Fylkesmannen la ned krans også her, og han poengterte at det som skjedde for 75 år sidan ikkje berre må bli eit minne, men noko ein kan ta lærdom av for å unngå at ein slik katastrofe skjer igjen.

Program på Tafjord skule
Mykje folk hadde møtt opp til programmet på Tafjord skule. Det var ikkje ein ledig stol å oppdrive i gymnastikksalen denne dagen. Eg såg folk frå alle bygdene blant publikum. Det er tydeleg at Tafjordulykka framleis er noko som opptek folk, uansett kva bygd dei bur i.
Ordførar Bjørn Inge Ruset losa oss gjennom eit variert program. Det byrja med Arne Ruset som las frå “Dommedagsfjellet”. Deretter var det Astor Furseth sin tur. Han fortalde om ulykka og tida etter med ord og lysbilete – ein seanse som eg trur dei fleste i salen vart sterkt gripne av. Før kaffipausen var det tid for allsong med Tafjord-songen.
I pausen var det høve til å lære meir om overvaking og beredskap. Representantar frå Åknes/Tafjord beredskap IKS var til stades på skulen med stand og informerte om korleis overvakinga av dei ustabile fjella langs Storfjorden går føre seg. Det var også høve til å skaffe seg eit eksemplar av den nye boka til Astor Furseth i pausen.

Kulturinnslag
Etter pausen heldt programmet fram med Valldal songlag som for høvet også hadde med seg songarar frå Stranda blandakor. Så var det Turid Aspehjell som las eit dikt om og av Karl Tafjord, eller “skreddar-Karl” som han også var kalla.
Fylkesordførar Olav Bratland snakka om den faren vi alle lever med langs fjorden her, men at folk no er så trygge som dei kan bli, i og med at ein er viss på at nye skred vil bli oppdaga og varsla i god tid på førehand.
– Lat oss vere optimistar og glede oss over å bu på dei stadene vi bur, var oppfordringa han kom med.

Nominerte kommunar
Fylkesmann Ottar Befring fortalde kort om prosessen som fylket har vore gjennom saman med kommunane, for å få til overvaking og beredskap.
– Det har vore ein tung og lang veg fram til der vi er i dag, sa han og takka spesielt ordførarane i Stranda kommune og Norddal kommune for den drivkrafta dei har vore i dette arbeidet.
Fylkesmannen fortalde også at han har nominert Stranda og Norddal kommunar til årets beredskapskommune 2008. Det er Direktorat for samfunnstrygg-leik og beredskap som kvart år deler ut “Samfunnstryggleiks- og beredskapsprisen”, ei utmerking som blir tildelt ein kommune som har utmerkt seg på området.
Så får vi sjå om direktoratet er einig med fylkesmannen i at Stranda kommune og Norddal kommune fortener ei slik utmerking.
Programmet denne ettermiddagen vart avslutta med nok ein allsong, “Norddalssongen”.