Dei er klare til å drive båthamna og campingplassen ved fjorden i Tafjord. Familien er mor, far og fire born. Dei fire borna er Fleur på ni år, Lotte på sju, Kay på seks og Lyke på tre. Mor er Lisette Stornebrink og far er Werner van Ras. Etternamnet ras gjev sine assosiasjonar i ei bygd som Tafjord, og dei har allereie fått forklart kva det betyr på norsk.
Rett før påske kom familien til Tafjord etter at dei hadde bestemt seg for å ta over Tafjord båthamn og camping etter Albert van der Meule som starta opp før jul i 2004.
Nederland
Til liks med dei førre drivarane er også dei nye opphavleg frå Nederland, nærare bestemt den sørlege delen. Siste sju åra har dei budd i den nordlege delen av Belgia, berre nokre kilometer frå grensa til heimlandet.
I Belgia var det flis som var levevegen. Lisette stod i flisbutikken medan Werner jobba som flisleggjar.
Kvifor Tafjord?
Kva er grunnen til at de hamna i Tafjord?
Det er nok litt tilfeldig. I ti år har vi tenkt på å flytte til eit anna land, ikkje minst på grunn av eventyrlyst, viljen til å sjå noko anna, lære om andre land og andre språk, seier dei.
Då dei dreiv med flis i Belgia, var butikken deira som andre butikkar, open sju dagar i veka og jobben var hard.
Vi tenkte er det slik det skal vere? Vi har fire ungar og berre arbeider. Det vart for lite tid til å vere saman med ungane, seier dei og legg til at grunnen til at dei flytta ikkje er at det er dårlege forhold verken i Belgia eller i Nederland. Då tenkjer dei ikkje minst på myten som har spreidde seg visse stader her til lands om at det er så mykje narkotika i desse landa. Narkotika er eit problem berre i dei største byane der som i andre land.
Norge er åtte gongar større enn Nederland, men der bur det 17 millionar menneske medan det her er berre mellom fire og fem millionar. Det er ein ting vi ikkje saknar etter å ha kome hit, og det er mykje folk på liten plass. Dessutan verkar det som om folk her ikkje er så stressa, seier dei og legg til at dei synest naturen er fin.
I fjor var dei ein tur til Geilo for å gå på ski. Der treivst dei godt og syntest at både naturen og folket var flott. Dermed vart dei endå meir fokuserte på å reise til Norge.
Etter å ha undersøkt mange muligheiter landa dei til slutt på tilbodet om å kjøpe i Tafjord.
Anna arbeid i tillegg
Det mange lurer på er om de skal klare å leve berre av å drive camping og båthamn?
Werner viser fram hendene sine og seier at han har to hender som han har tenkt å bruke til anna arbeid utanom turistsesongen. Med bakgrunn både som flisleggjar, murar og blomsterdekoratør håper han å kunne finne arbeid.
Vogner og båtar
Campingplassen ved hamna i Tafjord er ikkje av dei største, men dei faste vognene gir noko inntekt. I tillegg vil dei ha ein plass ved servicehuset som er open for folk som reiser frå plass til plass, anten dei har telt, bubil eller vogn. I tillegg har dei tre vogner til utleige. Hamna har både vatn og elektrisitet og kan ta imot mange båtar. Kiosken ved campingen vil dei drive med matservering, no har dei søkt om skjenkjeløyve for øl og vin. Dette skal avgjerast i dag. Eitt vilkår som er sett i innstillinga til vedtak, er at dei skal gjennomføre etablerarprøve og kunnskapsprøve i alkohollova innan 1. juli.
Dei to er litt bekymra for korleis det skal gå, sidan norskkunnskapane deira er dårlege.
Vi forstår at vi må lære norsk, men trur det blir vanskeleg på så kort tid, men vi skal gjere vårt beste, seier dei. Lisette har bakgrunn frå hotell- og restaurantbransjen også.
Skule
Dei to eldste jentene går på skule i Valldal og har berre gode tilbakemeldingar å kome med. Trass i at dei ikkje har vore så lenge i Norge, har dei allereie lært såpass mykje norsk at dei klarer å kommunisere litt med Storfjordnytt sin utsende.
Foreldra er imponerte over kor fort dei lærer norsk. Samstundes lærer dei språket av ungane.
Og så lærte vi litt av gjestene her, seier dei.
Dei prøvde seg også på å lage norsk mat i kiosken i påska.
Vi prøvde ut kjøtkaker, og alle som åt dei, er framleis i live, seier Lisette og flirer.
Når badersesongen ved Tafjordbadet opnar, reknar dei med å drive kiosken der også og ser føre seg visse forbetringar, ikkje minst med tanke på utvalet i kiosken.
Hus
Familien har flytta inn i eit hus dei leiger av Tafjord Kraft og har fått lovnad på å bu der til august. Alle meiner dei har kome til ein stad dei vil trivast.
Vi kjenner oss så velkomne her. No vil vi gjerne ønskje alle velkomne til campingen. Dei må ikkje føle at dei treng å handle noko, berre sitje her og nyte det, seier Lisette.
|
|
|