Der ingen skulle tru at nokon torde bu

Det hadde dei laga seg som arbeidstittel nokre studentar frå Høgskulen i Volda som denne veka har drive med forsking i alle bygdalaga i Norddal kommune.

23. april 2009
Randi Flø

Desse tre studentane har sett grundig på korleis folk i Taford har det. Odd Kipperberg (f.v.), Lovise Hatle Gjerde og Rolf Lefdal.

Dei 19 studentane går første året på bachelor-studiet i planlegging og administrasjon. Oppgåva er å sjå på ulike utfordringar for små bygdesamfunn.
Studentane var inndelte i fleire grupper som tok føre seg kvart sitt bygdelag. Arbeidet skal munne ut i ein rapport som blir sendt til kommunen.

Livskvalitet
Ei gruppe på tre, Odd Kipperberg, Lovise Hatle Gjerde og Rolf Lefdal, budde på campingplassen i Tafjord og starta med å gå frå dør til dør for å få folk til å svare på ein del spørsmål dei hadde utarbeidd på førehand.
– Vi fokuserer på livskvaliteten til dei som bur i bygda, fortel dei.
Noko fokus la dei også på ras og den beredskapen som er utarbeidd for å varsle.
Dei tre studentane fortel at første ettermiddag og kveld var dei innom i alt 35 hus.
– Vi møtte utruleg mange glade og imøtekomande menneske. Ingen av dei vi trefte heime, sa nei til å vere med sjølv om dei hadde mykje anna å gjere.

Veldig stilt
– Kva inntrykk sit de att med?
– For det første var det veldig stilt i bygda. Vi såg ikkje ein bil og ikkje eit menneske då vi kom dit i tolv-tida midt på dag.
Av konklusjonar dei kan dra allereie no, er at folk gir full støtte til beredskapen som er laga i samband med Åknes/Tafjord. Det gir folk stor tiltru til tryggleiken.
Tafjordingane uttrykte seg også svært positive til den planlagde friluftslinja og til skredsenteret. Tafjord Kraft vert sett på som viktig for bygda. På spørsmål om dei kjende folk som har flytta på grunn av rasfaren, var det ingen som kunne svare positivt på det, men at det kanskje har vore medverkande årsak i visse høve.
– Vi fekk den kjensla at folk meiner at ras har vore for mykje tabu i turistsamanheng. Inntrykket er at det kunne ha vore fokusert meir på det nettopp for å få fleire turistar hit. Om reisande kunne få god informasjon og fakta med ein gong, kunne det ha vore ein fordel for reiselivet i staden for å late vere å nemne det. Kvifor ikkje vere opne om det?
Det viser seg at dei fleste har tenkt seg ut kva dei vil gjere dersom sirena går og varslar at raset kjem.

Planar
Før studentane kom til Norddal hadde dei førebudd seg. Eit inntrykk dei sit att med etter å ha gått grundig inn på kommunen sine heimesider, er at det er kollosalt med planar.
– Det kan godt hende at alle vert gjennomførte, men det er grunn til å tvile. Noko vi saknar og som er eit viktig grunnlag for å få folk til å busetje seg her, er bustadtomter. KOSTRA-tala viser at kommunen brukar relativt mykje pengar på områda skule og helse. Det må nok ein grundig analyse til for å finne ut kvifor folk ikkje vil bu her.
– Vi har møtt berre trivlege folk, dei tok godt imot oss. Vi starta å banke på husa nede ved sjøen og arbeidde oss oppover i bygda. Etter kvart som vi kom oppover, visste folk at vi kom. Jungeltelegrafen verkar i alle fall godt. Det seier noko om godt naboskap.