Endringar tek tid

Byggherren hadde eit ønskje om å verte ferdig til 1. juli, men mange endringar undervegs har gjort det meir komplisert.

30. april 2009
Randi Flø

Servicebygget er forseinka mellom anna på grunn endringar i kjøkken og kafeteria.

Det seier byggjeleiar Frank Flusund hos Christie og Opsahl, som er hovudentreprenør ved Gudbrandsjuvet. Her er arbeidet i full gang, både med å setje opp servicebygget og dei nye bruene til å gå på.

Servicebygg
Prosjektleiar for byggherre Statens vegvesen er Sveinung Myklebust.
– Kva tid er prosjektet på gudbrandsjuvet ferdig?
– Ja, den som kunne seie det. Vi reknar med at bygget skal vere forholdsviss tett med vegger og tak på plass til 1. juli. Kva tid det kan takast i bruk, er meir usikkert. Det vil mellom anna kome ein del krav som andre stiller, til dømes Mattilsynet. Ikkje før utpå seinhausten reknar vi med at det er ferdig, seier Myklebust.
Det stjerneforma servicebygget skal innehalde toalett, kjøken og eit opphaldsrom som skal vere som ein kafeteria. I utgangspunktet skulle det vere ein utvida kiosk, men det har klaka litt på seg, dermed har også kjøkenet vorte utvida med større krav. Kven som skal drive dette, må lysast ut, og Myklebust seier det ikkje vert aktuelt før neste sesong.
Heller ikkje toaletta vert ferdige til bruk denne turistsesongen.
Det har vore tanken at dette også skulle fungere som eit fleirbrukshus til beste for folk i grenda, men det er litt usikkert akkurat no.

Boring og graving
Eit stykke bortover frå der den gamle kiosken stod, er dei i ferd med å bore for å sprengje bort fjell. Her skal nemleg ein stor septiktank gravast ned.
Gjerde Maskin har hatt grunnarbeidet og tok til her for tre år sidan til hausten. No står tomta til det nye servicebygget ferdig og nokre av betongelementa er komne på plass. Ein del av dei andre står på den nye parkeringsplassen. Etter det vi forstår, er det slik at elementa har vorte produserte i noko feil rekkefølgje, slik at dei som skal på plass no ikkje er komne, medan dei som skal på plass til sist er komne.
Jostein Gjerde seier det har vore ein spennande jobb for dei med mange nye utfordringar og erfaringar. Det som står att for deira del, er stort sett å stelle til att slik at det vert fint.

– Komplisert
Frank Flusund er ikkje heilt nøgd med framdrifta. Han meiner at alle endringane som har kome etter kvart, har gjort det meir komplisert for dei.
Leveransane tek tid. Betongelement og berekonstruksjonar har vorte støypte inn og dei har vorte forseinka med tømrararbeidet.
– Vi visste ikkje alt på førehand. Vi gav pris utfrå slik det var planlagt som ein kiosk med eit lite kjøken og toalett. Det skulle vere eit enkelt bygg. No blir det storkjøken og andre krav til ventilasjon. Alt vert meir komplisert og det krev sitt å få på plass, seier Flusund.