Høgt og fritt på Stavseng

– Vi stortrivst her. Det er flott for ungane. Liabygda må vere ein av dei finaste stadene å flytte til.

30. april 2009
Randi Flø

Familien Stavseng kan ikkje klage på utsikta.

Det seier Torunn Haugen Stavseng. Ho og mannen Egil Stavseng tok over heimegarden
hans på Stavseng for vel to år sidan.
Vi møter dei på tunet ein fin vårkveld i april. Tunet ligg fint til mellom alle bygningane på garden. Torunn er i ferd med å setje ut blomster, og ungane vil gjerne hjelpe til. Sara på tre år vil gjerne vere med og vatne medan minstejenta Julie på eit og eit halvt tek sykkelen fatt.
Dei inviterer på ein liten tur oppom garden. Her har dei nemleg ein froskedam å vise fram. Tett i tett ligg det geléklasar som snart skal bli rumpetroll. Sara gler seg til dette og peikar på frosken som ligg på botnen og “kviler seg”.
Sara og Julie går i barnehagen i Liabygda der mor Torunn leverer dei før ho reiser til Stranda på jobb på apoteket.

– Ikkje i tvil
Eit naturleg spørsmål er om dei var i tvil om å ta over garden.
– Eg har vore innstilt på dette heile tida. Når eg hadde sjansen, var det berre å setje i gang, seier Egil.
Det var eit godt opparbeidd gardsbruk dei tok over. Same produksjonane som foreldra til Egil dreiv med, er framleis grunnlaget. Eit eige hønsehus med 2.000 høns, som er konsesjonsgrensa, står plassert øvst i tunet. Fjøset med kyr og slaktedyr inneheld eit anna bein å stå på. I tillegg har han slaktedyr i fjøset på nabogarden. Der tok han til å leige både fjøs og mark eit par år før han tok over farsgarden.
Totalt har garden 160 mål dyrka mark, noko som er noko over middels på våre kantar. Far til Egil, Lars Stavseng, har gjennom åra hogd mykje skog og dyrka opp. Han held på med dette framleis.
– Garden er vel såpass stor at det går an å leve av han?
– Det er klart du lever av det, men eg jobbar heile tida. Om eg skal klare å halde ved like alle bygningane og gjere alt gardsarbeidet, vert det mykje arbeid. No er eg så heldig å ha spreke foreldre som hjelper til, seier Egil.
Foreldra, Marit Nesset og Lars Stavseng har flytta frå garden, men ikkje så langt. Dei er i passeleg rekkevidde for dei unge.
I tilegg til foreldra har han også hjelp av avløysar. Egil er med i ein ring saman med gardbrukarar frå Liabygda og Stordal.
– Det er fole greitt. Dei dagane får eg kople av litt, då kan eg gjere litt anna. Det er viktig å få bryte rutinen, seier han.

Politikk
Egil har ikkje engasjert seg noko i næringsorganisasjonane.
– Eg har mista litt trua på slikt arbeid. For kvart år kjem det meldingar om rekordar i jordbruksoppgjeret. Sanninga er at prisane på kunstgjødsel og kraftfor berre går opp, slik at lønna til bonden ikkje går opp. Det er andre som stikk av med fortenesta same kor mykje pengar staten spyttar inn, seier Egil og legg til at han forstår godt at det er mange
som sluttar med landbruk og
går over i andre lønna jobbar, der dei får meir i årslønn og meir fritid.
Men i Liabygda og på indre Sunnmøre meiner han å finne eit godt miljø for gardbrukarar.
– Korleis ser du på framtida som gardbrukar?
– Det er så uvisst frå mi side. Eg har jobba mykje rundt omkring og trur ikkje det skal verte vanskeleg å finne ein jobb om det skulle verte aktuelt, men vi får sjå om det snur. No har folk prata i 40 år om at det skal snu i landbruket. Ein eller annan gong vil eg ta ei avgjerd. Då eg tok over, sa eg at eg ville gjere eit forsøk, og det held eg på med framleis.
Han er snar til å trekkje fram elle dei positive sidene ved å bu på og drive gard også. Han er sin eigen herre, han har muligheita til å byggje noko, til å satse vidare.

Hønsehus
Inne i høneshuset er det 2.000 verpehøns i bur med stor høgde på gjødselkjellaren under. Dyra vert fora automatisk. Egga legg dei slik at dei rullar ned på ei
rist. På ei rom utanfor er det
berre å trykkje på ein knapp, så startar eit band og egga kjem ut klare til å verte plasserte i kartongar.
– Her er det om å gjere å hugse å slå av bandet når du går ut av rommet, seier dei og ler og hugsar ein gong det vart gløymt. Dermed hopa det seg opp med egg både på golv og benk.
Egil synest det er greitt å drive med høns slik som det er i dag, men frå 2012 kjem det nye pålegg og då er han meir i tvil. Kravet då vert at hønene skal gå i innreidde miljøbur.
– Det er det det heiter på fagspråket frå Oslo, kommenterer han og smiler.
Frå den tid reknar han med
å slutte med høns. Dei nye pålegga vil krevje så store investeringar at han ikkje ser seg syn med.
– Eg vil ikkje drive med å betale gjeld til eg er 50 år. Det kjem til å bli mangel på egg fordi det er mange som legg ned. Så får vi ein heil haug med nye konsesjonar og folk som byggjer ut for å satse. Dermed vert det overproduksjon og prisane vil stupe. Med ein mjølpris som går til himmels i tillegg, vågar eg ikkje å satse.

Mjølkeproduksjon
Å produsere mjølk ser han på som ei meir stabil grein på garden. Han ser ikkje vekk frå at han kan prøve å leige meir kvote.
– Her er det ikkje noko problem å utvide med nokre tonn ekstra, men vi får sjå, seier han og legg til at også samdrift kan vere eit alternativ i framtida.
Kyrne kalvar om lag på same tida. Dermed er alle tørre samstundes og kan beite ovanfor garden. Dette er ei tid som gjev overskot til å gjere andre ting på garden.
Akkurat no er det møkkaspreiing som står på programmet. Han har ikkje noko imot litt regn. Våronna på Stavseng er i full gang. Garden ligg på godt over 300 meter over havet, og voksteren ligg mellom ei og ei og ei halv veke seinare enn lenger nede i bygda, men dette er ikkje noko problem, meiner han.