– Det skal gå gjetord om NAV Storfjorden

Det sa prosjektleiar Ørjan Haram då både styringsgruppa og prosjektgruppa i NAV Storfjorden var samla i Valldal tysdag.

7. mai 2009
Randi Flø

Prosjektgruppa som arbeider med å leggje til rette for NAV Storfjorden er sett saman av alle tilsette i NAV i dei fire kommunane Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje. Fremst i midten prosjektleiar Ørjan Haram.

Hausten 2009 skal kommunane Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal inngå eit interkommunalt samarbeid om NAV saman med NAV Møre og Romsdal.

Samarbeidsavtale
Styringsgruppa hadde hatt møte same dagen og leiar Stig Holmstrøm sa at dei hadde vorte samde om ein samarbeidsavtale som no skal leggast fram til politisk behandling i dei respektive kommunane. Dei har samla seg om ei felles plattform der Ørjan Haram er tilsett som leiar.

NAV
Haram sa at NAV er eit likeverdig partnarskap mellom stat og kommune, som vart vedteke av eit samla storting i 2005, eit partnarskap som aldri har vore prøvd før.
– Vi skal vere der for dei svakaste i samfunnet, og det må det offentlege samarbeide om, sa han og la til at dette er den største reforma i det offentlege nokon sinne.
Det er tre reformer, som gjeld NAV, pensjon og helserefusjonar. Det vil seie det gamle arbeidskontoret, trygdekontoret og sosialkontoret. Det nye systemet har store utfordringar for dei tilsette. Eitt av poenga er at brukaren skal sleppe å fortelje historia si fleire gongar før han får den tenesta han skal ha.
Hovudføremålet med reforma er å få fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad. Det skal gje tenester som er enklare for brukarane og er tilpassa brukarane sine behov. Dessutan skal det gje ei heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvalting.
– NAV skal vere tilpassa dei brukarane som har stått bakarst i køa. Derfor har vi innført mange sjølvbetjeningstenester for dei som har ressursar, sa Haram og viste til at mange tenester kan gå på internett. Det er til dømes mulig å registrere seg som arbeidslaus på nettet.

Fire stader
Det unike med NAV Storfjorden er at det er fire kommunar som går saman om dette tilbodet. Det skal vere NAV-kontor i kvar av kommunane med hovudkontor i Skodje, der det vert 6,5 årsverk. Ørskog får 3, det same får Stordal, medan det vert 1,6 årsverk i Stordal. Til saman skal dei tilsette ha ansvaret for nærer 9.000 innbyggjarar.
Styrken med dette samarbeidet er at brukaren får alle tenestene i den kommunen han bur. Ved behov skal folk med ulik kompetanse frå andre kontor reise til kontoret i den kommunen der behovet er. Dei skal ha videokonferanseutstyr til bruk ved behov.
– Det er ein lang prosess, som krev mykje av den einskilde. Det er no arbeidet begynner. Det blir meir opplæring og meir som skal gjerast. Om vi sluttar å bli betre, sluttar vi fort å vere god, sa Lars Joranger frå Stordal.

Lokale mål
Ørjan Haram viste til ulike mål som er utarbeidde for tenestetilbodet. Brukarane skal møte eit samordna tenestetilbod og dei skal oppleve at dei har reell medverknad. Dei skal oppleve at dei får muligheiter og at dei tilsette i NAV er kreative og dyktige til å finne løysingar.
Måla for dei tilsette er for det første å hjelpe brukarane til å nå sine mål. Samla skal dei ha nok kompetanse til å løyse oppgåvene. Haldningane til dei tilsette skal vise at dei er til for brukarane. Spesielt viktig når dei er lokaliserte på fire stader er at dei tilsette skal ha respekt for kvarandre og ha god kommunikasjon.
– Desse måla skal vere styrande for kvardagen, sa Haram.

Alle er små
Ein viktig grunn til at dei fire kommunane har gått saman om å samarbeide om NAV er at alle kommunane er små.
– Vi slit med å ha kompetanse og tilstrekkeleg med personell på plass. Eit større fellesskap gir betre tenester for brukarane. Vi erkjenner at vi ikkje klarer å løyse denne oppgåva åleine, sa leiar i styringsgruppa Stig Holmstrøm.
Han la til at utfordringa er dei geografiske avstandane, men meinte at dei skal lykkast i å ta i bruk ressursane på tvers av kontora.
Offisiell opning av NAV Storfjorden er sett til 23. oktober. Før det skal det etablerast NAV-kontor i alle dei fire kommunane. Først ute er Ørskog, der det skjer 15. september, og dagen etter i Skodje. 23. september opnar Norddal sitt NAV-kontor og dagen etter kjem Stordal.