Godtek ikkje lettvint løysing

Formannskapet i Stordal godtek ikkje ei lettvint løysing når Fjordlaks vil gjere om ein konsesjon for torsk og sei til regnbogeaure.

7. mai 2009
Randi Flø

– Om vi skal klare å bevare villaksstamma både i Stordalselva og andre lakseførande elver i området, må vi gjere grep. Eg likar ikkje utviklinga, seier Ole Johan Vidhammer.

Fjordlaks har søkt om å få gjere om konsesjonen ved Skjortneset frå sei og torsk til oppdrett av regnbogeaure. Firskeridirektoratet meinte dette kunne løysast på ein enkel måte ved at det
vart gjort ei administrativ godkjenning i Stordal kommune. Rådmannen såg annleis på det og la saka fram for formannskapet.
Eit fleirtal på fire, Høgre og Frp, røysta for innstillinga som seier at søknaden frå Fjordlaks Aqua AS skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i tråd med gjeldande retningslinjer.

Rådde frå
I møtet i formannskapet la Ole Johan Vidhammer (Ap) fram eit anna framlegg til vedtak på veger av seg sjølv, Lars Kristian Øvrebust (Sp) og Roger Lillebø (KrF). Framlegget gjekk ut på å rå sterkt frå at søknaden vert komen i møte. Det vert peika på at Stordalselva er ei viktig alkseelv og at det er viktig også i framtida å søkje å leggje til rette for at ein vernar elva mot trugsmål utanfrå.
Med den relativt korte avstanden elva har til det omsøkte anlegget ved Skjortneset, Djupgylet, ottast dei for at ukontrollert røming frå anlegget kan skade både elva og fiskebestanden. Sameleis kan smittefare frå anlegget vere ein trussel for elva og for andre laskeførande elver i området.

Tok lett på
Ole Johan Vidhammer seier dei meinte dei hadde dei opplysningane dei trengde for å kunne avslå søknaden. Han ser på det vedtaket som fekk fleirtal som heilt greitt og seier seg glad for at dei har ein rådmann som
er vaken og greip tak i denne saka.
Han er noko frustrert over at Fiskeridirektoratet tek så lett på saka.
– Anlegga forureinar fjorden kraftig. Vi opplever at villfisk snart ikkje er etande, seier han og peikar på at det er endå verre med fisk som kan blande seg med villaks og villaure og gyte saman med villfisk.
– Det er eit hav av forskjell mellom torsk og aure, seier han og legg til at han har tolka det slik at Fiskeridirektoratet eigentleg har bestemt seg.
– Om vi skal klare å bevare villaksstamma både i Stordalselva og andre lakseførande elver i området, må vi gjere grep. Eg likar ikkje utviklinga, avsluttar Vidhammer.