Steinar var raskast

Steinar Lunden Storås frå Dals-bygda vann like godt heile finalen på 60 meter.

14. mai 2009
Randi Flø

Steinar Lunden Storås viste stort talent innan friidrett då han kom på førsteplass både på 60-meter og 600-meter under fylkesfinalen i Molde.Foto: Dalsbygda skule

Det har vore skulecup mellom alle skulane i fylket. For vårt område var det semifinale i Sykkylven. Finalen gjekk av stabelen i Molde 5. mai. 13 år gamle Steinar Lunden Storås frå Dalsbygda skule kvalifiserte seg lett til finalen, der han var med på tre øvingar.
Då han kom til Molde, var han ubeskjeden nok til å vinne 60-meteren. Steinar sprang på tida 8.02, under direkte ufyselege vêrforhold. Men ikkje nok med det, han kom på delt førsteplass på 600-meter med tida 1.52.00.
Tredje øvinga Steinar var med på, var lengde. Her kom han på tredjeplass og hoppa 4,42 meter.
Det er ikkje akkurat så gode treningsforhold for friidrett i Norddal, men etter at han var med på konkurransen i Sykkylven, fekk han blod på tann og har trena ein del på sin eigen måte.