|
Det er Norddal Eigedomsselskap KF som står for utbygginga, byggjenemnda hadde møte 9. mai. Dagleg leiar Arne Krohn seier at 11 millionar kroner som har vore sett av tidlegare, vart sett på som førebelse tal. Det totale prosjektet vert no på 22,5 millionar kroner. Det ligg mellom anna inne ein del ENØK-tiltak, som det kan vere mulig å få tilskot til. Om ikkje, kan ein sjå litt på gjennomføringa av dette. Den doble prisen betyr ikkje at det vert dobbel lånebelastning. Det skal brukast seks millionar kroner frå momskompensasjon frå andre investeringar. Det nye låneopptaket i tillegg til dei 11 vert på 5,5 millionar kroner for å fullføre alle investeringar som Norddal Eigedomsselskap har fått ansvaret for å gjennomføre av Norddal kommune.
Byggjenemnda innstiller på at det vert innleia kontraktsforhandlingar med entreprenørar. Hellesylt trevare AS vert hovudentreprenør, Andreas Løppen får VVS-anlegg, GK Norge ventilasjon og EL-24 AS får elektriske anlegg. Det er høve til å klage på dette vedtaket innan 14. mai.
Budsjettramme
Kommunestyret har tidlegare vedteke ei budsjettramme på 11 millionar kroner for prosjektet. Når det no viser seg at totalbudsjettet endar på 22,5 millionar kroner, må det fullfinansierast med vedtak i kommunestyret eller reduserast i samsvar med den ramma som kommunestyret har vedteke i investeringsbudsjettet for 2009. Byggjenemnda meiner at prosjektet bør gjennomførast i samsvar med dei planane som er lagde fram frå prosjekteringsgruppa, og sender prosjektet over til styret i eigedomsselskapet for vidare behandling.
Byggjenemnda ber likevel prosjekteringsgruppa om å skissere mulige reduksjonar i prosjektet med tilhøyrande kostnadskutt utan at dette får for store konsekvensar for gjennomføring av heilskapen i prosjektet.
Renovering
Bakgrunnen for prosjektet ved Valldal skule er mellom anna at ungdomsskulen er gammal og har behov for renovering. Dagens ventilasjonssystem er mode for utskifting. Somme dagar, spesielt om vinteren, må anlegget stengjast for å halde nødvendig temperatur i lokala. Renovering av denne bygningen vil leggje til rette for styring av energibruk på same måte som i den nyrenoverte austre delen av skulen. Potensialet for energisparing er stort med tanke på at Valldal skule har eit totalt forbruk på 750.000 kWh i året.
Dagens arbeidssituasjon for personalet er uhaldbar og må utbetrast. Kulturskulen treng meir lokale, både til førebuing og til rektor.
Det er tanken å vidareføre vassboren varme i det nyrenoverte bygget. Det er mellom anna viktig for å kunne utnytte den etablerte varmekjelda. Ønsket er også å kunne kople seg på eit eventuelt fjernvarmeanlegg seinare.
Samfunnshuset lek, og inne i prosjektet ligg det også renovering av taket her.
Omsyn
I planleggingsprosessen har det også vore teke omsyn til ein del andre moment. Det gjeld mellom anna tanken på Valldal skule si rolle i ein beredskapssituasjon. Når flodbølgja kjem, kan det verte aktuelt å flytte legekontor og helseavdeling, kommuneadministrasjon, prest og alle kommunale funksjonar dit.
I det nye prosjektet ligg det også omsyn til manglar ved førre utbygging. Det gjeld avvik ved sprinkleranlegg, lysarmatur, golvbelegg og vassboren varme.
Med utgangspunkt i universell utforming er det behov for toalett i andre etasje. Etter normer nedfelte i Enova er det nødvendig å skifte ut vindauge og etterisolere.
Kome i gang
Byggjenemnda meiner det er viktig å kome i gang raskt med den planlagde utvidinga aust for hovudinngangen, sørover frå rektors kontor. Dette er spesielt viktig med tanke på at skule skal fungere og ha tilgjengeleg areal i ombyggingsperioden elles.
|
|
|