|
Det var kome inn ti søknader, det same som låg føre ved førre møte i formannskapet då det vart oppdaga at det var ein god del meir pengar å ta av, fordi næringsfondet hadde fått påfyll ved årsskiftet. Formannskapet er fondsstyre. Søknadsfristen er 1. mars og 1. oktober. Eit oppsett viste at næringsfondet inneheld 2,1 millionar kroner. Ved å setje av 500.000 kroner til strategisk næringsutvikling, vil ein ha vel 1,6 millionar kroner til fordeling og dermed rundt 830.000 kroner til første omgang.
Setje av
Først skulle dei ta stilling til om dei skulle setje av ein sum til strategisk næringsutvikling. Rådmannen hadde innstilt på ein sum på 500.000 kroner av det totale fondet. Ordførar Bjørn Inge Ruset (Ap) opna med å seie at han var samd i det, men samstundes ivra han for å få pengane ut og i arbeid. Hans framlegg var å setje av berre 400.000 kroner og i staden gje Fjørå Utvikling 200.000 kroner, slik at dei totalt kjem opp i 400.000 kroner frå næringsfondet, noko som er likt med småbåthamnene i andre bygder i kommunen.
Viktor Valdal (Tl) var i utgangspunktet meir tilhengar av å halde att endå meir pengar enn framlegget. Han peika på at det er ein ny situasjon når det gjeld næringsfondet med meir frie pengar, mellom anna fordi det ikkje vert løyvt pengar til DGT gjennom fondet. Han var villig til å setje av oppi 650.000 kroner.
Det kan kome store og viktige prosjekt som vi må ta stilling til, sa han.
Framlegget om å setje av 400.000 kroner til strategisk næringsutvikling fekk fleirtal, medan Tverrpolitisk liste ville ha 500.000 kroner.
Kraftverk
Ei runde rundt bordet klargjorde kva dei ulike politiske gruppene hadde som utgangspunkt i sine syn på fordelinga. Det låg føre ein søknad om å byggje ut elkraftproduksjon på Veiberg, med framlegg om 200.000 kroner i støtte. Audun Skjervøy (Nl) sa at dei har vore skeptiske til å støtte kraftutbygging, som bør vere trygge inntektskjelder og generere pengar utan offentleg støtte. Svein Linge (Tl) som møtte som vara for Olav Løvoll (Frp), sa seg samd i dette og hadde ikkje høyrt om utbygging av elverk utan lønsemd.
I denne runden vart ulike søknader kommenterte. Viktor Valdal var i tvil om Ålesund Kunnskapspark, som var innstilt på avlsag, han sa det handla om goodwill og var ikkje framand for å gi støtte. Ein søknad frå Anne Stine og Georg Indreeide til å byggje geitefjøs var han også i tvil om å gi så mykje som 160.000 kroner. Han kom med framlegg om å redusere til 120.000 kroner. Dei har også fått tilskot frå Innovasjon Norge.
Storfjord Rørservice hadde søkt om støtte til investeringar i samband med aukande ordretilgang. Fleire av representantane meinte dette var i grenseland. Innstillinga gjekk på eit tilskot på 50.000 kroner.
Linda Myren (Nl) ville redusere tilskot til kraftutbygging på Veiberg og heller auke tilskotet til Randi Tafjord, som hadde søkt om støtte til å utvikle Olagarden i Tafjord. Senterpartiet ved Håkon Myklebust meinte også at Storfjord Rørservice låg i grenseland, men sleit med å gå imot.
Semje
Etter denne runden kunne ordførar Bjørn Inge Ruset konkludere med at det ikkje var den store usemja rundt bordet. Så gjekk dei laus på sak for sak. Kunnskapsparken i Ålesund hadde søkt om 25.000 kroner til vidare drift av inkubatorprogrammet. Eit samla formannskap gjekk inn for å gje avslag i tråd med innstillinga.
Omenås Sagbruk ved Øyvind Hoel fekk i fjor tilsegn om 75.000 kroner i samband med bygging av materialtørke. Han bad om at søknaden vart vurdert på nytt. Innstillinga gjekk på å gje 25.000 kroner i tillegg, slik at den samla løyvinga vart på 100.000 kroner, men Linda Myren kom med framlegg om å løyve 50.000 kroner ekstra, noko ho fekk resten med på. Dermed vert den samla summen til sagbruket på 125.000 kroner.
Det var heller ikkje store motførestellingar mot å auke potten til småbåthamna som Fjørå Utvikling er ferd med å lage til. Her er det løyvd 200.000 kroner før. Bjørn Inge Ruset meinte det var like godt å spytte i 200.000 kroner ekstra, slik at ein ikkje treng behandle endå ein ny søknad frå dei. Dermed kjem dei likt med både Eidsdal og Norddal på 400.000 kroner i totalt tilskot.
Geitefjøs
Noko større vart usemja då dei kom til søknaden frå Anne Stine og Georg Indreeide som har planar om å byggje geitefjøs på Indreeide. Viktor Valdal prøvde seg med ei form for prinsipiell argumentasjon og sa at han syntest 160.000 kroner som innstillinga, var mykje for ein grunneigar sett i forhold til det dei hadde løyvd til fellesfjøsane med fleire grunneigarar. Valdal kom dermed med framlegg om 120.000 kroner. Han peika også på at dei har fått tilskot frå Innovasjon Norge. Ordførar Bjørn Inge Ruset sa at desse satsar hardt langt framme i dalen med beite innanfor verdsarvområdet. Ved avrøystinga gjekk eit fleirtal på fem inn for å løyve 160.000 kroner medan dei to frå Tverrpolitisk ville nøye seg med 40.000 kroner mindre.
Bjørg Marie Tafjord sin søknad om støtte til investeringar i samband med reopning av Tafjordnaustet gjekk gjennom utan vesentlege kommentarar og ho fekk eit tilskot på 50.000 kroner.
Delt
Så kom saka til Storfjord Rørservice som hadde søkt om tilskot til investeringar for å imøtekome aukande ordretilgang, innstillinga gjekk på 50.000 kroner. Fleire tok til orde for at dette ligg i grenseland for kva næringsfondet skal nyttast til og viste til at det ikkje er nyskaping. Viktor Valdal kom med framlegg om å redusere til 25.000 kroner. Bjørn Inge Ruset var den einaste som gjekk for innstillinga og viste til at ekspansjon er eitt av momenta i vedtektene.
Derimot var alle like rause når det kom til Jordbærfestivalen. Det er langrennsgruppa i Valldal idrettslag som står som søkjar. Meininga er å arrangere ein jordbærfestival fredagen før olsokarrangementet. Eit samrøystes formannskap løyvde 65.000 kroner til dette arrangementet, som er kostnadsrekna til 150.000 kroner.
Kraftverk
Ragnhild Døving og Jan Trygve Veiberg har planar om å byggje ut for kraftproduksjon på Veiberg. Det ligg føre konsesjon og starten på anlegget skjer til hausten og produksjonen neste år. Utbygginga er rekna å koste rundt 6,5 millionar kroner. I sakspapira vert det peika på at det også tidlegare har vore løyvt pengar frå næringsfondet til kraftutbygging, med Hoelsfossen som døme. Innstillinga gjekk på å gje også 200.000 kroner til kraftutbygging på Veiberg, noko Viktor Valdal og Svein Linge gjekk inn for, der Valdal mellom anna peika på at dette er eit kapitalintensivt prosjekt. Framlegget frå Norddalslista om å redusere tilskotet til 150.000 kroner fekk fleirtal.
Til bedriftsutvikling
E. Heitmann AS driv mellom anna kafeen i Eidsdal. Espen Heitmann hadde søkt næringsfondet om støtte til tre ulike tiltak. Det eine gjekk på å rehabilitere fasaden, det andre å leggje til rette med flytebryggje og utleige av båtar. Begge desse to prosjekta var avviste i innstillinga. Rådmannen hadde rådd til å gje støtte til eit prosjekt som skal vere med på å tilføre andre kundar til bedrifta, som importør av HDMI-relatert utstyr. Tilrådinga gjekk på å løyve 30.000 kroner. Fleire uttrykte tvil og ordførar Ruset gjekk så langt som å foreslå null kroner til prosjektet. Svein Linge meinte dette var ein liten sum og hadde ikkje problem med å løyve pengane samanlikna med det som gjekk til Tafjordnaustet.
Tafjord derimot
Ei som verkeleg fekk rosande ord for prosjektet sitt var Randi Tafjord. Ho har planar om å utvikle Olagarden i Tafjord med tilbod om geoturisme og kulturtilbod. Også ho har sendt søknad til Innovasjon Norge, men har ikkje fått tilbakemelding enno. Prosjektet er delt inn i to fasar, ein for utvikling og ein for utbygging. Utviklingsdelen er kostnadsrekna til 400.000 kroner og det er søkt om 100.000 kroner i denne omgang. Utbyggingsdelen vil koste meir enn 1,5 millionar kroner og søknaden til næringsfondet her går på 500.000 kroner. Rådmannen hadde innstilt på at næringsfondet førebels støttar prosjektet med 150.000 kroner.
Fleire av medemmene i formannskapet peika på at Randi Tafjord har levert ein god søknad og at ho ho har delteke i KIL-prosjektet der dei mellom anna har jobba med slikt. Audun Skjervøy meinte at Tafjord har potensial for geoturisme. Viktor Valdal meinte det var ryddigast å sjå det an i ei ny runde seinare med tanke på om prosjektet får støtte frå andre kjelder. Han ville redusere med 50.000. Det enda med at eit samrøsystes fondsstyre gjekk inn for å gje Randi Tafjord 150.000 kroner frå næringsfondet.
KOMMENTAR
Kjennskap og kjensler
Det kan ikkje vere lett å vurdere søknader og tildele pengar frå næringsfondet. Vedtekter og forskifter har vore endra i takt med skiftande regime og etter som prinsipielle problem har dukka opp.
Men eg tillèt meg å verte forbina over debatten, eller det somme argumenterer med for eller mot ein søknad. På møtet måndag sat eg med ei kjensle av at her handlar det om meir enn sjølve prosjektet.
Storfjord Rørservice får meir og meir arbeid, og treng å investere for å doble arbeidsstokken. I retningslinjene for næringsfondet i Norddal kommune vedtekne av kommunestyret 12. mars i år står det at det i prinsippet skal ytast støtte til alle næringar. Tiltak som er retta mot omstilling, ekspansjon og nyskaping skal prioriterast. Ei bedrift som investerer for å doble arbeidsstokken vil eg kalla ekspansjon. Berre ein i formannskapet, ordføraren, ville det, resten kalla det i grenseland.
For å trakke skikkeleg i jordbærsalaten spør eg til slutt: Ein jordbærfestival får 65.000 kroner frå næringsfondet utan at nokon stiller spørsmål. Er det næring eller er det kultur?
Randi Flø
|
|
|