Kammerjazz på plate

Lille Stille er namnet på debutplata til Stian Omenås eller Stian Around a Hill Quartet som gruppa heiter. No er kvartetten på turné.

22. mai 2009
Sissel Tiril Rem

Stian Around a Hill Quartet kom med plate i vår og er for tida på turné. Laurdag spelar kvartetten både i Ålesund og på Stranda. Pressefoto

Kvartetten vart etablert i januar 2008 av Stian Omenås som er både musikar, komponist og dirigent. I bandet har han med seg Svein Magne Furu på treblås, Jo Berger Myhre på bass og strandaren Øyvind Skarbø på trommer.

Allsidige
Musikarane er aktive i norsk musikkliv og har bakgrunn frå jazzlina i Trondheim, musikkhøgskulen i Oslo og Grieg-akademiet i Bergen. Dei er alle allsidige med føter i jazz, pop, world, rock og samtidsmusikk.
– Noko av musikken vart framført på Omenås musikkfestival i fjor, men då med to vikarar, fortel Stian Omenås på telefon.

Kammerjazz
Sjølv kallar han sjangeren ”kammerjazz” og karakteriserer komposisjonane som lyriske med store opningar for vidare improvisasjon og klanglege utforskingar. Felles for låtane er tydelege idear, form og oppbygging.
Stian Omenås fortel at dei primært kjem til å spele musikk frå debutplata på konsertane på Sunnmøre.
Debutplata er delvis eit resultat av pengande som følgde gnist-stipendet frå Sparebanken Møre.
– Plata er absolutt eit resultat av stipendet, kvartetten òg. Vi prøver å halde eit brukbart aktivitetsnivå i bandet, seier Stian Omenås som skal bruke tida framover til å lage ny musikk.

Sleppeturné
I samband med platesleppet er kvartetten på turné. I februar heldt dei fire konsertar i Nord-Noreg. Dei spelte i Oslo og Bergen før dei sette kursen mot Sunnmøre.
Laurdag skal dei spele to konsertar, ein på Lyspunktet i Ålesund og ein i Storfjord kulturhus før dei avsluttar i Ivar Aasentunet søndag.
Stian Omenås fortel at dei har planar for vidare speling i innlandet. I desember har dei spelejobbar i Europa. Dessutan arbeider dei mot å få ta del på festivalar til hausten og til neste år.
Stian Around a Hill Quartet skal ikkje spele på Omenåsfestivalen i år, men trommeslagar Øyvind Skarbø er med på prosjektet ”1982” som har konsert i Sylte kyrkje fredag 5. juni.
Lille Stille har fått god mottaking i pressa. Bergens Tidende gav plata ein 5-ar på terningen, Dagbladet ein prikk mindre.