|
Dei flate åkrane i Muldal ligg ikkje lenger brakk. No er det poteter og korn som igjen skal få grobotn. Ein gjeng unge karar med pågangsmot og interesse har lagt ned timevis med arbeid dei siste helgene for å gjere klar for såkorn og setjepoteter.
Reiskap
Noko reiskap fanst att på garden som vart fråflytta i 1955. Ein gråtass, nærare bestemt ein Massey Ferguson 1952-modell, går framleis. Han vart flogen opp for ein del år sidan og har vorte måla raud og blå. Det er ikkje så mange år sidan det vart prøvd med poteter i Muldal. Det gjekk ikkje så bra på grunn av at nokre sauer som beitte der vart så veldig interesserte.
Etter kvart har dei fått på plass ein plog, ein potetsetjar og ein opptakar. Det siste nye som kom på plass, var ei såmaskin for korn. Ho kjem frå Meldal. For å få ho opp den smale og bratte vegen, måtte dei spenne føre to ATV-ar. Elles går det greitt å frakte med ein ATV med hengar.
Slekt
For å plassere dei tek vi til med Hans Magnus, som var den siste bonden som dreiv i den nedste garden Muldalen. Hans Magnus var i Muldalen sommarane etterpå også. Saman med Emma Martinusdotter Tafjord hadde han sønene Magnar og Marius og dottera Margit. No nærmar vi oss dagens generasjon. Det er nemleg Marius som er bestefar til dei fire muldølene som no er driv jorda her i frihelger.
Ola og Magnus er sønene til Nils Helge og Kristian og Even er sønene til Eldbjørg. Denne helga hadde dei i tillegg med seg to kameratar frå Vestnes, Anders Bjermeland og Sindre Heggen, den siste med bestefar Lars frå Heggen i Valldal.
Poteter i fjor
Storfjordnytt tek turen opp i Muldalen laurdag ettermiddag. Dei er akkurat ferdige med å så kornet på storåkeren, som ligg noko lengre framme enn sjølve gardstunet, på andre sida av elva enn der stien går vidare til setra.
Korleis fann de på å begynne med dette?
I fjor sette vi poteter, noko som har vore prøvt her også etter at garden var fråflytta, fortel Ola og legg til at det er mest av sorten Troll dei har fått i jorda, men noko Pimpernell har det også vorte.
Eigentleg er dette økologisk drift, sidan dei verken brukar kunstgjødsel eller sprøytemiddel, noko jorda her ikkje har vore tilført på lenge, om ho nokon gong har vorte det.
Vi tenkjer ikkje økologisk av prinsipp, men det blir slik av seg sjølv, seier han.
Dei har tenkt på grønngjødsling, kan hende sår dei til ei kløvereng også, slik at jorda får ta seg opp att, spesielt med tanke på nitrogen.
Vi får sjå korleis det går etter kvart, seier han.
Potetene var ikkje komne i jorda laurdag, dei var litt utsikre på om dei var nok grodde.
Dugnad
Dei driv på dugnad. Nokre av dei er her mykje, andre mindre, alt etter korleis det passar med arbeid og fritid.
Løa var fullstappa med over 50 år gammalt høy, heilt frå Hans Magnus sine dagar. Han budde her om somrane etter at garden vart lagt ned. Han heldt markane fine ved å slå graset til høy. Dette høyet kvitta dei seg med for å få meir plass i løa.
Det er mykje arbeid med å slå graset, men det er viktig for å halde unna krattet, som også her er i ferd med å ete seg innover markane.
Tenkjer de mykje på dei som budde her før når de held på?
Ja, det er ikkje fritt. Tenk for eit arbeid dei måtte gjere. Dei slo kvar ein minste grasflekk. Vi finn heile tida nye spor etter arbeidet dei gjorde, fortel Kristian.
Litt bortanfor huset har dei rydda bort skog. Her har det dukka opp eit fint område der det før var bær- og frukttre.
Eksperiment
Å så korn kallar dei eit eksperiment. Jorda er godt horva og bearbeidd på førehand. I åkeren har dei sådd bygg og litt kveite, og gler seg no til det skal spire. Etter kvart må dei gjødsle noko, og ser då føre seg grønngjødsling
Kva skal de bruke kornet til?
Det kan no verte både til brygging og matlaging.
Om det vert brygging, kan dei i alle fall stille med eiga humle. Ikkje langt frå tunet står det nokre lange stolpar. I grunnen har dei planta humleplanter. Ola forklarer at det er fordi humla er klatreplante dei har sett opp stolpane.
Planar
Dei vil ikkje akkurat slå i bordet med så store planar. Målet er å halde jorda i hevd. Det har vore mykje arbeid å pløye opp att åkrane og gjere dei klare for korn og poteter.
Det er mykje skog å ta ned. I bytet mellom innmarka til dei to gardane, ligg det ein stor stein. Denne har dei tenkt å rydde rundt slik at han kjem til sin rett. Frukttre har dei lyst til å få på plass att. Løa treng vedlikehald, mellom anna nytt bjelkelag.
Det tek til å bli nok å gjere, er dei samde om.
Ikkje sveler
Magnar Muldal og kona Margit dreiv nokre år med litt kafédrift i Muldal. Turen opp er populær, og det er mange som hugsar svelene og kaffien. Gutane må dessverre skuffe mange som tek turen opp og spør etter sveler. Planar om å nytte garden i turistsamanheng har dei ikkje.
|
|
|