Konservering av dekorasjonane

Bindemiddelet i målinga i den flotte dekoren i Rosekyrkja forsvinn sakte. men sikkert. Det er no sett i gang eit arbeid for å tilføre dekoren nytt bindemiddel.

28. mai 2009
John Kristian Hjelle

Kjell Arne Årseth (t.v.) og Arne Bakken viser fram austveggen i skipet der dei set i stand det gamle papiret som er nytta til å måle på. Det spørst om evangelisten Lukas får litt spesialbehandling, han er nemleg skytshelgen for målarar.

Rosekyrkja vart dekorert i 1799, ti år etter at ho vart sett opp. Dekoren er i sin heilskap måla med hornlim som bindemiddel. Dette er vassløyseleg slik at der det har vore taklekkasje gjennom dei 210 åra som har gått sidan kyrkja vart måla, er dekoren vaska vekk. Elles er dekoren godt bevart, men ligg mange stader meir som eit støvlag utanpå treverket.

Konservering
Dette synte Kjell Arne Årseth til oss ved å ta forsiktig opp i taket med ein finger. Han er målarmeister frå Sæbø, og ein av dei to som i desse dagar har halde på med konserveringa. Han samarbeider med Arne Bakken som er målerikonservator frå Oslo. Dei har lang erfaring i denne typen arbeid, som ein del av ei større gruppe med ulike fagfolk som samarbeidar om slike og liknande oppdrag.
Det som i denne omgang vert konservert i Rosekyrkja, er aust-veggen i skipet, som ligg mot koret. Dei tek samstundes taket i midten lengst framme i skipet, om lag tre meter bakover, for å sleppe å setje opp stillas i midtgangen der på nytt.

Fleire år
Å gå over heile kyrkja er eit stort prosjekt som er venta å ta fleire år. Grunnen til det er at veggane ikkje kan vere kalde når arbeidet vert gjort. Sidan kyrkja ikkje har noko oppvarming, må arbeidet utførast i sommarhalvåret. Det er også eit spørsmål om finansiering, men det reknar dei med skal ordne seg.
Kjell Arne Årseth og Arne Bakken pakkar saman utstyret sitt for denne gong allereie no til helga. Arbeidet som dei har utført er til no, er finansiert av Riksantikvaren, Fortidsminneforeninga og Vestenfjeldske Bykreditt. Dei håpar at dei kan halde fram med arbeidet allereie til hausten.
– Målet er at det ikkje skal vise så mykje etter oss. Det er utruleg godt bevart slik som det er, antakeleg fordi det ikkje har vore oppvarming i kyrkja. Dette er eit mål både for oss og for oppdragsgjevar, seier dei.
Eigar av Rosekyrkja er Fortidsminneforeninga, som i samarbeid med Riksantikvaren har fått sett i gang arbeidet.

Gammalt papir
Då kyrkja vart dekorert i 1799 nytta dei papir som dei limte på tømmerstokkane på austveggen på skipet (veggen under taket over koret) for å få ei fin og slett flate å måle på. Dette gamle papiret har vorte svekt. Det har rukka seg og nokre stader rivna. Dette prøvar dei å få på plass att ved å reingjere og impregnere bak det rivna papiret og lime inn eit spesialpapir på treverket bak det gamle. Så vert det gamle papiret rensa på baksida og limt oppå. Der det gamle papiret er heilt vekk, legg dei på litt farge for at det ikkje skal verte så stor kontrast, men dei restaurerer eller rekonstruerer ikkje måleria noko ut over det.

Handskrift
Ein artig detalj er at det gamle papiret også er brukt tidlegare før det i 1799 vart brukt til å måle på. Det er handskrive på det, enkelte stader også på begge sider, og på ein laus flik kan ein på baksida sjå at det er skrive på Aure og datert 16. mars 1789. Ein rest av eit lakksegl er det også på det samme arket.
Sjølve dekorasjonane vert konservert ved at ein tilfører bindemiddel med opphavleg bindestoff forsiktig gjennom eit tynt spesialpapir som so vert fjerna. Dette vert gjort på denne måten for å unngå å kline målinga utover.
– Det har vore mest arbeid med sjølve austveggen, med mykje reinsing, fortel dei.
Dei brukar mellom anna penslar, små svampar og ein liten støvsugar til å reinse
med.
Dei begynte på arbeidet såvidt i haust, men fekk sett opp stillas først for nokre veker sidan. Dei fortel at dei også kanskje skal til Norddal, der altertavla treng restaurering. Dei har vore der og sett på kva som eventuelt må gjerast, og har også laga ein plan for det arbeidet.