Pris til Brusehuset

Juryen likte dette namnet med dobbel botn, eit namn som er både kjekt og godt å seie. Det tek utgangs-punkt i eit lokalt namn, Bruse, som er kjent frå historia i vårt område.

4. juni 2009
Randi Flø

Vigdis og Elisabeth Muri framfor Brusehuset. Elisabeth kjem til å ta over drifta av plassen etter kvart

Det var noko av grunngjevinga frå juryen som kåra Brusehuset til å vinne konkurransen om godt namnevit som Norddal mållag lyste ut. Det heiter vidare i grunngjevinga: “For dei som ikkje kjenner til historia, kan namnet pirre nyfikna. Namnet er velklingande utan snobberi. Brusehuset får ein også til å tenkje på vatn som brusar. Dessutan er det positivt at det vert sett namn på eit sanitærhus på ein campingplass.”

Brusenamnet
Ved Muri Hytteutleige er det sanitærhuset som vart innvigd i 2004 som har fått dette namnet. Hans Muri forklarer at det den tida var fullt av småkongar. Etter som det står å lese i Snorre var Bruse på Muri ein av dei.
Dei fann ut at dei like godt
kunne begynne å bruke dette namnet positivt. I det nye informasjonshuset heng det ein stokk som har fått namnet Bruseormen, han fungerer som lampeoppheng.
Dei fortel om ein dansk gjest, Søren, som kjem att år etter år og er her i fleire månader. Han var ein av dei som støtta ideen om Brusehuset. Bruse på dansk betyr dusj. Og inne i det store sanitærhuset er det fleire avdelingar, dusjar og toalett, eit flott handikaptoalett og eit lite toalett for ungar.
Gjestene har sett så stor pris på dei nye fasilitetane at dei har skrive eit eige dikt til Brusehuset, som heng i glas og ramme på veggen.
Det er Jan Fredrik Øvrevoll som har laga skiltet. Dei har fått mange gode tilbakemeldingar om at han har gjort eit fantastisk arbeid.

Starta med hytter
Hans starta med nokre få hytter til utleige, etter kvart vart det fleire. Vigdis fortel at då ho kom i 1969 var det 16 små hytter. No er det vogner som dominerer plassen som har vorte utvida fleire gonger.
Dei har nokre hytter til utleige i tillegg til nokre plassar for bubilar på gjennomreise.

Ikkje spikartelt
På Muri er det fritt for spikartelt. Alle vognene har hjul. Dei har ikkje opna for desse kjempestore utan hjul. Hans seier at han diskuterte i forkant med brannvern og ambulansefolk. Folk i brannvernet sa heilt klart at dei gamle bomullsdukane som før vart brukte til telt, var mykje meir brannfarlege enn vanleg tre-verk. No er telta laga i eit glasfiberarmert stoff, som gjer dei mykje meir brannsikre, dei inneheld eit brannhemmande material.
– Vi vil ikkje at folk skal få byggje kva som helst og så høgt dei vil. Det går på dette med utsjånad, seier Hans og legg til at etter samtale med brannvernet har dei også fire meter avstand mellom vognene. Dessutan er det viktig at gatene imellom er opne, ikkje minst med tanke på at ambulansen skal ha lett tilgjenge.

Båtar
Dei held på å lage til for å leige ut båtar. Til no har dei hatt nokre båtar som folk som bur i hyttene har fått låne. Slike tiltak fører gjerne til at dei vert her nokre dagar ekstra.