Turbulens ved Eidsdal skule |
|||||||||
![]() |
Elevtalet ved Eidsdal skule aukar neste år. Foreldre og lærarar aksepterer ikkje at rammetimetalet vert sterkt redusert av administra-sjonen i kommunen. I kveld er det møte. |
||||||||
|
|||||||||
Sjølv om elevtalet stig med seks til hausten, legg kommuneadministrasjonen opp til reduksjon i rammetimetalet ved Eidsdal skule. Arkivfoto.
|
|||||||||
| Det er samarbeidsutvalet og foreldreutvalet ved skulen som inviterer til noko dei kallar stormøte. Både rådmannen og alle dei politiske partia er inviterte. Rammetimetalet Totalt sett aukar elevtalet ved Eidsdal skule med fem elevar frå hausten. Det vert seks færre på barnesteget, men elleve fleire på ungdomssteget. Derfor meiner skulen dei har behov for 55,5 timar til gruppedeling og styrking. Dette skuleåret er tilsvarande timetal på 55. Først kom rådmannen med framlegg om å redusere dette timetalet til 18, men det har vore justert opp til 29 timar, noko som er ein reduksjon på 42 prosent i høve til inneverande skuleår. I ein uttale skriv FAU at dei undrast om forslaget har sin bakgrunn i pålegg frå politisk hald om å spare inn på drifta eller om det er eit forsøk på å rasere tilbodet til elevar på barnesteget ved Eidsdal skule frå neste år. “Som foreldre er vi svært bekymra for mangelen på innsikt og forståing for dei behov skulen har til å dele elevane i dei ulike klassene inn i mindre grupper for undervisning og opplæring på ulike alders- og gruppenivå i fleire fag”, skriv FAU. Den pedagogiske grunnhaldninga ved Eidsdal skule har alltid vore å tilgodesjå dei minste først og mest, med full deling i norsk og matematikk. Deretter er det ei viss nedtrapping av gruppedelinga, men framleis er det behov for noko deling, spesielt i norsk, matematikk og engelsk. Konklusjonen til FAU er at dei ber rådmannen om å vurdere forslaget til gruppedeling på barnesteget ved Eidsdal skule på ny. I motsett fall vil dei arbeide for å få ressurstildelinga prøvd politisk. Dei meiner det er eit paradoks at kommunen brukar 100.000 kroner på å omorganisere skuleleiinga samstundes som det vert gjort kraftige nedskjeringar på drifta. Leiingsstruktur |
|||||||||