|
Rådmannen i Norddal var ikkje snauare enn at han gav beskjed om å sende flagget til topps på flaggstonga ved rådhuset. Det vart også bløtkake denne måndagen.
Regjeringa sende måndag ut eit høyringsnotat med frist til 10. august.
I Åknes/Tafjord-området er varslingssystema no på plass. Med visse unntak meiner regjeringa derfor at det er forsvarleg å opne for bygging langs Storfjorden igjen.
Gledeleg
Det er sjølvsagt gledeleg. Dette er noko det har vore jobba for sidan byggeforbodet vart innført, seier ordførar i Stordal, Charles Tøsse og viser til at dei allereie i møtet med statsråden for ei tid sidan fekk gode signal.
For Stordal sin del får ikkje ei oppheving av byggjeforbodet noko umiddelbar verknad, sidan det ikkje ligg føre spesielle utbyggingsplanar i fareområdet. Men Tøsse meiner det er viktig sett i eit lengre perspektiv.
Han er ikkje overraska over innvendingane frå forsikringssida, men meiner det her er viktig å bruke sunn fornuft. Med det beste beredskapssystemet i verda er det mulig å berge liv ved ei flodbølgje. Då må ein ta høgd for materielle verdiar.
Tenleg
Eg er sjølvsagt glad for at regeringa kjem med dette no og legg til rette for eit vedtak 19. september. No kan vi realisere Muripark-prosjektet, seier ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, som no vil finlese høyringa.
Einaste utfordringa han ser, er at dei må finne ut om planprosessen må gjerast på nytt.
Han viser til at kommunen allreie har teke høgd for den type bygningar som det kan kome restriksjonar på, og viser til at det kjem ny brannstasjon i Djupøyna.
Du reknar med at det vert godkjent å leggje legekontoret i fareområdet?
Restriksjonane gjeld bygningar der det oppheld seg folk som ikkje kan evakuere seg sjølve, seier ordføraren og viser til at planane for Valldal skule skal gjere det mulig å opprette legekontor her i ein bereskapssituasjon.
|
|
|