Storfjordstemnet samla mange

Søndag var det klart for det årlege stemnet til Storfjordens Venner. I år var vi inviterte til Haugsetsætra som ligg om lag 600 meter over havet ovanfor Ørnevegen i Geiranger.

11. juni 2009
Britt Ingunn Maurstad

Det antikvariske restaureringsarbeidet på stølshuset på Haugsetsætra har Per Kjell Holtleite frå Stordal stått for. Foto: Britt Ingunn Maurstad

At det var mange som ville nytte det fine vêret til å delta på stemne, vart tydelig allereie på parkeringsplassen på Korsmyra. Særdeles mykje bilar var der. Det var godt det var ordna med parkeringsvakt, elles hadde det vorte kaos. Bussane som var sette opp for å transportere folk til Korsmyra, var populære. Om lag 500 nytta dette tilbodet og alt i alt var det 700–800 menneske som hadde funne vegen opp på sætra.

Prosjekt
Haugsetsætra er eitt av fire prosjekt som Storfjordens Venner har arbeidd med det siste året. Arbeidet her har vore omfattande. Årsetfjøsen er bygd opp att og innreidd slik det ein gong var. Brønnhuset er bygt opp att, og både fjøsen og brønnhuset er så langt råd gjenskapt ved å bruke den gamle materialen. Utigardselet har dei også arbeidd med, men her har det meste arbeidet vore gjort for å sikre selet mot vidare forfall. Til å fortelje om arbeidet som har vore gjort, hadde dei invitert arkitekt Helge Aarset frå fylket.
Programmet som arrangøren hadde lagt opp til, var omfattande og variert. Det var talar, song og musikk. Eidsdal Musikkorps hadde tatt turen til sæters og spela for oss. Det same hadde Jårångskoret. Hovudtalar for dagen var fylkesjordbrukssjef i Møre og Romsdal, Ottar Longva. Han la stor vekt på kor viktig det er å ta vare på dei mange kulturminna som finst i området for å formidle historia om disse stadane til komande generasjonar. Sokneprest Svein Runde hadde ord for dagen og la vekt på den åndelege dimensjonen i kulturarven vår. Til stades var også Katrin Blomberg, direktør i Geirangerfjord verdsarv.
Direktør i Kulturminnefondet, Jon Suul, var også til stades og minna oss om at 2009 er kulturminneåret. Han la også vekt på kor viktig det er å formidle vår felles kulturarv til dei komande generasjonane. Han kom også inn på den nye verdsarvstiftinga og vona at dei får til eit nært og godt samarbeid med Storfjordens Venner.

Barndomsminne
Det var leiar i Storfjordens Venner, Asgeir Kvernberg, som var “programleiar” for dagen. Han las mellom anna eit stykke ein av grunneigarane, Oddrun Mølsæter, hadde skrive der. “Barndomsminner” hadde ho kalla stykket han las. Oddrun sjølv takka for alt arbeidet som har vore gjort. Det same gjorde Ingolf Mølsæter på vegner av den andre grunneigaren, Rolf Mølsæter.
Det var i boklansering på stemnet også. Merete Løvoll Rønneberg har i samarbeid med fotograf Finn Loftesnes skrive boka “Opptur Geirangerfjorden – 93 fotturar kring tre verdsarvfjordar”. Både forfattar, forlagssjef og flyfotograf var på plass på stemnet, og boka såg ut til å være svært populær.
Alt i alt var det eit vellukka Storfjordstemne. Mykje folk var det som sagt, rømmegrauten var god og folk såg ut til å storkose seg i det fine vêret.