Hans Martin slo sin eigen rekord

Hans Martin Gjedrem slo sin eigen løype-rekord og vart norgesmeister i motbakkeløp i Geiranger.

18. juni 2009
Randi Flø

Ved Flydalsjuvet ligg Hans Martin Gjedrem tett bak dei to argaste konkurrentane.

Laurdag var den store dagen for alle som er glade i motbakkar.
Ikkje minst er det mange frivillige som stiller for å få unna det store arrangementet, som i år samla rundt 700 deltakarar. Til og med vêrgudane var på arrangørane si side. Det starta med regn og sid skodde om morgonen, men det letta og sola stakk seg fram oftare og oftare utover dagen.

Funksjonærar i arbeid
Nede ved bussgarasjen i sentrum var funksjonærane tidleg på plass for å dele ut startnummer og anna. Eidsdal idrettslag har vore ansvarleg for å arrangere Nibberittet i mange år, heilt sidan starten i 2000. Også i år var dei på plass. Vi får vite at det er mykje arbeid, men det går greitt med å skaffe folk som vil stille opp. Dei har alle oppgåver i samband med påmelding, utdeling av startnummer og trekking av gåvepremiar. I tillegg deler dei på oppgåva med å halde drikkestasjonar med Geiranger idrettslag, som treng kapasiteten sin til å halde alle dei andre konkurransane som går føre seg samstundes.
Nytt av året var mellom anna skilt i vegkanten som fortalde kor mange kilometer det var att til toppen, ein fin motivasjonsfaktor, som mange hadde lagt merke til og kommenterte.

Aktivitet
Alt frå tidleg morgon var det mulig å starte på ein aktivitet, med jamne mellomrom var det folk som la i veg mot bakkane til fots. Dei hadde meldt seg på Geirangermarsjen.
Dei to venninnene Liv Åse Klokset og Kari-Anne Grebstad er med på denne turmarsjen for ellevte og tiande gong. Dei fortel at dei har vore med kvart år, med unntak av i fjor, då kom dei ikkje med ferja til å rekke fram til Geiranger for å få starte tidsnok. I år var dei tidleg ute og var opptekne av å kome seg opp på Dalsnibba for å rekke siste bussen nedatt.

Miniton
Storfjordnytt tok oppstilling ved Flydalsjuvet. Først er det roleg, berre nokre turistar som anar fred og ingen fare. Etter kvart vert innkøyringa nedanfrå stengt. Eit par damer kjem med vassdunkar, pappbeger og sportsdrikk, og drikkestasjonen er etablert.
Etter kvart som foreldre og annan heiagjeng samlar seg, går det mot starten på miniton. Innkomsten er ved Flydalsjuvet. Det tek ikkje lang tid før dei første er på plass. Vi legg merke til ein liten gut som kjem i full fart, nesten ikkje prega av at han har sprunge meir enn fire kilometer nedanfrå fjorden og opp svingane til Flydalsjuvet. Det er åtte år gamle Oscar Mæland, som etterpå fortel at det var kjekt å springe.
I mål kjem dei ein etter ein, somme meir slitne enn andre. Alle får medalje rundt halsen, nokre lurer på tida, medan andre ikkje bryr seg.

Halvmaraton
Vi høyrer skotet frå sentrum og halvmaraton er i gang, for første gong i år også som NM i motbakkeløp. Først opp til Flydalsjuvet er trioen Svein Inge Buhaug, Øyvind Heiberg Sundby og Hans Martin Gjedrem. Dei heldt følgje heilt til toppen, men den siste kilometeren klarte Hans Martin å rykkje frå. Det enda med at han betra løyperekorden han sette i 2003 og kom i mål på tida 1 time 28 minutt og 57 sekund.
Det var rundt 230 som stilte til start i halvmaraton.
Halvmaraton samla mange av våre lokale utøvarar. På listene finn vi mange gode prestasjonar. Lars Anders Hoel frå Valldal noterte seg for ei god tid. Det same gjorde Eric Ryan og Geir Marius Øie frå Stordal. Mellom dei som stilte i NM på same distanse, finn vi Pål Bjørn Øvrebust frå Stordal som nummer to i si klasse. Fullstendige resultatlister er å finne på heimesidene til arrangøren.

På sykkel
Nesten dobbelt så mange var det som hadde meldt seg Nibberittet, rundt 430 startande. Dette var fullteikna om lag to månader i førevegen. Nokre starta ein time før hovudfeltet og fekk dermed meir tid på seg å kome opp dei verste motbakkane først.
Vegen vart stengd periodevis. Det kom større og mindre puljar av syklistar heile tida. Det var ikkje lite lyd dei laga. Det høyrdest ut som dekka ville syge seg fast i alfalten.
På Flydalsjuvet hadde det danna seg ein fin heiagjeng, som trøysta med at det ikkje var langt igjen til dalen.
Arrangøren melder om mange gode tilbakemeldingar frå den store motbakkedagen.