Næring mot miljø

Med knappast mulig fleirtal gjekk formann-skapet i Stordal inn for at Fjordlaks skal få omdisponere eit anlegg frå torsk og sei som dei har konsesjon på, til
regnbogeaure. Dispensasjonen gjeld mellombels til utgangen av agust 2010.

18. juni 2009
Randi Flø

Ole Johan Vidammer (t.v.) og ordførar Charles Tøsse klarte ikkje å kompromisse nok til at dei kunne verte samde om eit vedtak om konsesjon for regnbogeaureanlegg i fjorden.

Tidlegare på dag hadde dei vore på synfaring til to anlegg saman med folk frå Fjordlaks i tillegg til representantar frå Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og miljøvernavdelinga hos fylkesmannen. Dei siste var også til stades på møtet i formannskapet.

Synfaring
Ole Johan Vidhammer (Ap) opna med å kommentere at han var fornøgd med måten synfaringa vart lagt opp på. Kommunen takka tidlegare nei til ei synfaring som var lagt opp i regi av Fjordlaks. Vidhammer sa han var overraska over at Firskeridirektoratet la opp til administrativ behandling av denne saka, heldigvis var rådmannen vaken nok til å ta saka vidare til politikarane.
Han peika også på at lokaliteten vert kalla Skjortneset, men ligg eigentleg 930 meter derifrå, på ein stad som heiter Djupgjølet. Meininga med å påpeike dette var å vise til at straummålingane som vart gjorde før Fjordlaks fekk konsesjon, også vart gjorde så langt unna lokaliteten og dermed vart villeiande.
– Hadde resultatet av desse målingane noko å seie for søknaden til Fjordlaks då det vart gitt konsesjon eller var det berre eit spel for galleriet? undra Vidhammer.

Merknader
Han sa seg samd med dei som hadde sendt inn merknader, folk som kjenner fjorden og veit korleis forholda verkar.
– Vi har fått ei uspiseleg villstamme. Sei, lange og lyr er smekkfulle av pellets og er illeluktande, sa Vidhammer og hadde ikkje tru på dei som hevdar at rømmingsfaren for regnbogeauren er liten.
Han viste til ein kar som har fått borti 40 regnbogeaurar på garn.
– Kvar kjem den fisken frå? spurde han og konkluderte med at han i alle fall kjem sjøvegen. Vidhammer sa seg uhyre skeptisk til denne omdisponeringa. Han kom med framlegg om å nekte på vegner av Ap, Sp og KrF.

Toler godt
Arve Slettvåg frå Fiskeridirektoratet sa at det ikkje var gjennomført nye målingar etter at lokaliteten vart flytta, men han var ganske sikker på at miljøet toler godt den produksjonen som er på lokaliteten. Han viste også til at regnbogeaure er meir effektiv og brukar mindre fôr enn marin fisk, fordi regnbogeforet er feitare. – Vi ser ikkje på Storfjorden som noko stort problem når det gjeld rømming, sa Slettvåg og meinte det er likegyldig kva kommune dei ligg i anlegga der det skjer rømming.
Også Lars Omenås frå Matilsynet meinte at rømmingsfaren ikkje er stor. I dag er det ikkje påvist smitte i anlegga, og smittefaren er ikkje større her enn andre plassar.

Positive
Jan Are Remme (H) meinte ein burde basere seg på den risikoen det er med rømming, men han oppfatta det slik at offentlege styresmakter stilte seg positive til dette anlegget.
– Det er klart at desse risikoane må vegast opp mot den andre sida. Oppdrett representerer ei næringsgrein. Det er fleire personar i vår kommune som jobbar i Fjordlaks. Denne næringa brukar lokalt næringsliv. Sjølv om det ikkje er dei store verdiane, synest eg dette er viktig. Vi veit at det lokale næringslivet slit og arbeidsplassar forsvinn. Å imøtegå søknaden er det same som å seie at vi vil fjerne lokale arbeidsplassar, sa Remme.

Berekraftig
Lars Kristian Øvrebust (Sp) trekte fram alle dei reformane som har vore gjennomførte i landbruket, mot avrenning og forureining, for å få til ei berekraftig næring. Han såg ingen grunn til at ein ikkje skal overføre den kunnskapen til oppdrettsnæringa.
– Arbeidsplassar er viktig. Akkurat same argumentasjonen har vore brukt i møbelindustrien og i landbruket, med same spådommane frå næringa. Eg vil ha ei berekraftig utvikling, der ein kan drive oppdrett i framtida utan å forringe fjorden. Det er ikkje eit spørsmål om å drive med torsk eller aure. Fjorden skal vere like god som før, sa Øvrebust som etterlyste noko meir konkrete rapportar og opplysningar får Mattilsynet og Fiskeridirektoratet.

Miljø
Ole Johan Vidhammer sa han vert matt når han høyrer argumentet om arbeidsplassar.
– Om arbeidsplassar alltid skal vinne over miljø, kjem vi ikkje lenger. Kvar er verdiskapinga? Jau, i Ålesund, anlegget gir ikkje inntekt til Stordal. Om vi meiner noko med miljø, er vi nøydde til å ofre noko, sa han.
Ordførar Charles Tøsse tok opp spørsmålet om kva verdiar anlegget fører til Stordal kommune. Oppdrettaren må betale eit vederlag per løyve på åtte millionar kroner, som går til staten. Tøsse meinte ein ikkje kan stille krav om at Fjordlaks spyttar noko inn i lokalsamfunnet. Han meinte det er ei sak å ta fatt i for å få endra kvar avgiftene hamnar.
Remme sa seg noko indignert over at representanten frå Senterpartiet antyda at Remme ikkje tenkte på miljøet og kalla leksa som Øvrebust framførte som om han hadde svartemannen i auga.
Øvrebust sa at han saknar ein rapport som dokumenterer næringsbalansen ved eit slikt anlegg.
Slettvåg frå Fiskeridirektoratet sa at regnbogeauren greier å gå opp i elva, men han gyt om våren, laksen gyt om hausten. Dermed kan ikkje regnbogeauren gjere sama skaden som ein opprettslaks.

Positivt vedtak
Fleire som hadde ordet, snakka om å gjere eit positivt vedtak, men Ole Johan Vidhammer ville vite kven det er positivt for.
– Det er positivt for Fjordlaks, men er det då positivt i forhold til miljøet og elva? Og når det er snakk om verdiskaping. I Stordalselva har det vore hausta mange pene kroner. Eg vil ikkje vere halvnær å gi ein konsesjon som kan setje Stordalselva i fare, sa han.
Det vart halde gruppemøte, der ordførar Charles Tøsse utarbeidde eit framlegg til vedtak for å kome motstandarane noko i møte og få til eit kompromiss. I grunngjevinga heiter det at det er spesielt tufta på samfunnsøkonomiske omsyn, der destruksjon/kverning av sjøklar smolt vert unngått.
Dette reagerte Ole Johan Vidhammer på og meinte at det ikkje er Stordal kommune sitt ansvar å ta omsyn til.
Lars Kristian Øvrebust ville stå på sitt og ikkje vere med å gi konsesjon. Han ville ikkje møte seg sjølv i døra.

Vilkår
Med i vedtaket som fekk fleirtal var det fleire vilkår. I tillegg er det med ein føresetnad om arbeidet med arealplan for sjølve området vert sett i gang og at det vert teke initiativ til eit interkomnalt samarbeid med kommunane Norddal og Stranda.