Ny runde mot byggjeforbod

– Det var ikkje slik vi forstod statsråden, sa ordførar Bjørn Inge Ruset i Norddal etter at det viste seg at forskriftene som er sende ut på høyring, inneber at det er nesten berre lagerbygningar som ikkje får byggjeforbod i oppskyljingssona.

25. juni 2009
Randi Flø

Norddal kommune har sterke innvendingar mot forskrifta som gjeld lemping på byggjeforbodet langs Storfjorden. Arkivfoto: Alfred Nilsen

Det er ikkje lenge sidan det var både flagga og feira for Kommunal- og regionaldepartementet som la forskrifter for tryggleik mot naturpåkjenningar ut på høyring. Dei inneheld utvida tilgang til bygging i område utsette for sekundærverknader av skred. Det vart tolka som oppheving av byggjeforbodet i område som kan verte råka av ei flodbølgje frå Åknesremna eller Heggurda.
No viser det seg at saksbehandlarane i departementet tolkar dette på ein heilt annan måte.

Meir restriktivt
På møtet i formannskapet i Norddal måndag stod det ein høyringsuttale i høve forskrifta på sakslista. Ordførar Bjørn Inge Ruset innleidde med å seie at det viser seg at saksbehandlarane i departementet har eit meir restriktivt syn.
– Det betyr muligens at vi må begynnne å jobbe opp mot dei. Det synest som det ikkje er synkronitet mellom saksbehandlarane og ministeren. Eg har fått inntrykk av at det no er fritt fram å byggje kva som helst, men det viser seg at det er mange skjer i sjøen, sa Ruset.

Kontakt
Norddal kommune hadde fått Heidi Hansen frå Nordplan til å klargjere ein del spørsmål og forhold med saksbehandlarar i departementa.
Heidi Hansen orienterte formannskapet om samtalar ho hadde hatt med saksbehandlaren. Ho spurde konkret om utvidinga av Muritunet og fekk eit utvitydig svar om at så lenge det skal vere folk som ikkje kan evakuere på eigne bein, vert det ikkje lov å byggje. Grunnen er at det vil ta for lang tid å evakuere.
Hansen prøvde å argumentere med at det er dokumentert at raset kan varslast betydeleg tidlegare enn dei 72 timane det er teke utgangspunkt i. Ho oppfatta det slik at det ikkje var rom for diskusjon. Kva som kan byggjast dersom framlegget til forskrifter vert vedtekne, meiner Hansen er berre lagerbygg og mindre tilbygg så lenge dei ikkje genererer bustader. I departementet hadde dei tolka det slik at industrien treng meir lagerkapasitet, noko Hansen såg på som betydeleg kommunikasjonssvikt.
For Norddal kommune kan dette bety ei forlenging av byggjeforbodet på mellom eitt og eit og eit halvt år. Det vert ein betydeleg jobb om alle reguleringsplanan skal lagast på nytt.

Skilnad
Ordførar Bjørn Inge Ruset meinte å ha merka stor skilnad mellom den politiske leiinga og byråkratane og var klar til å køyre saka ut i media.
Linda Gjerde Myren (Nl) meinte at det er viktig å gå breitt og tydeleg og høgt ut i media.
Audun Skjervøy (Nl) ville ta det litt meir varsamt og meinte det er viktig å setje seg inn i situasjonen og sjå det frå saksbehandlarane si side. Han trudde ikkje dei gjer dette for å vere vanskelege.
– Dei har eit meir overordna syn på dette, og tenkjer tryggleik for folk, først og fremst. Om vi skal begynne å hakke laus, må vi vise at dette har vi tenkt på, sa Skjervøy.

Utbygging
Linda Gjerde Myren meinte ei slik tolking vil føre med seg mange andre konsekvensar enn akkurat Murigrandane. Ho tenkte på barnehagen og aldersheimen.
Håkon Myklebust meinte at dei om dei seier at varslinga ikkje er god nok, må ta ungane ut av barnehagen.
Viktor Valdal (Tvpl) kjende seg irritert og makteslaus og meinte at no på den raud-grøne regjeringa manne seg opp. Svein Linge (Tvpl) meinte det er viktig å finne ut kva som er politikk og kva som er byråkrati i denne saka.