Folksamt i varmen

Med rundt 3.000 personar innom både laurdag og søndag vert det snakka om rekord på Stordalscup i år. I alle fall var det mykje folk og mykje varme.

2. juli 2009
Randi Flø

Stordal J08 i lokaloppgjer mot Stranda. Foto: John Kristian Hjelle

Fredag var det ein liten tjuvstart, då opninga av barnas kommune gjekk over i Stordalscup. A-laget til Stordal møtte Sæbø, det vart gjort litt ekstra stats
for å markere at laget har spelt 1.000 heimekampar. Før kampen marsjerte laga inn på bana til musikk av Stordal hornmusikklag.
Stordal spelte sin første heimekamp i 1953, kaptein på laget den gongen, Peder J.O. Hove fekk æra av å ta avspark i kampen fredag. Etter kampen var det fotografering, der meir enn hundre A-lagsspelarar hadde møtt fram og fekk vere med på eit stort lagbilde.

Folkeliv
Laurdag morgon starta med varme. Folk var tidleg ute. Både utanfor hallen og inni var det mange som hadde noko å tilby. I høve valet til hausten, stilte også dei politiske partia med sine bodskap inne i hallen.
Der trefte vi også Ursula Vos, som driv butikken Bellarosa i Stordal sentrum. Ho fortel at ho er cuputstillar for første gong. Saman med ei anna frå Nederland har ho drive denne butikken. Sidan ho andre reiste tilbake til heimlandet, har Ursula drive han åleine, noko ho har tenkt å halde fram med ved sida av jobben på Stordal skule.
Ho synest det er ei grei erfaring å få med seg å vere på Stordalscup, kanskje ein måte å få presentere meir av det ho sel. til hausten vert det fem år sidan familien kom til Stordal, noko dei ikkje har angra på til no.
Inne i hallen var det kafé, og mange nytta høvet til å ta seg ein tur inn, også for å kome i skuggen. På scena var det underhaldning med visse mellomrom, og det vart auksjon på ein del møblar der folk kunne by på førehand.
I grendesalen var det mange blide andlet, nokre gjekk ut med haugar med bøker, andre med eit fat eller to. Stor interesse vekte ei stor, gamal vaskemaskin med klerulle. Ein gut frå Valldal hadde så lyst på denne maskina, men etter ein diskusjon med mora, fann dei ut at dei ikkje hadde nokon stad å setje ho. Han kjøpte seg ein bamse i staden.

Grill
Ute var det stor grill og anna matutsal, røyken låg over og det var nok ikkje den mest behagelege jobben å stå akkurat over grillen i det heite veret.
Nede ved fotballbana var det porsjonar av oppskoren frukt, noko som såg ut til å vere populært.
Aktivitetane var det mange av i tillegg til fotballen. Mange ville teste kor hardt dei kunne skyte med hjelp av ein lasermålar. Søndag var det kokurranse i å stable bruskasser, nytt av året. Klatreklubben stilte med fire instruktør og konkurransedeltakarane vart godt sikra i kranbilen til Busengdal Transport. Vinnar vart Anne Sofie Kaggerud som klarte å stable 22 bruskasser før det velta.
Tivoliet var heile tida godt besøkt, her var det tilbod for både små og litt større.

Fotball
Stordalscup er eigentleg ein fotballcup. Denne gongen var det over 90 lag som tok del, fleire stod på venteliste. Det gjekk fleire kampar prallelt både laurdag og søndag.
Mange sette nok pris på vasspreiaren som var sett opp, slik at dei kunne kjøle seg ned.
Alle spelarane fekk diplom og trofé til å ha med seg heim att. Premieutdelinga skjedde ved speakerbua etter kvart.