Framleis ikkje fritt fram

– Dei som oppfatta meg slik at det var fritt fram for å byggje kva som helst utan restriksjonar den dagen eg la fram notatet til denne høyringa, dei blir skuffa.

2. juli 2009
Randi Flø

Magnhild Meltevit Kleppa seier at det først og fremst handlar om liv og helse når det gjeld lemping på byggjeforbodet langs Storfjorden.

Det seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til Storfjordnytt. Ho legg til at ho var svært nøye med å seie at det er vanskelege avvegingar som må gjerast. Det handlar først og fremst om liv og helse og om grad av fare for materielle skadar.

Byggjeforbod
Det har lenge vore byggjeforbod langs Storfjorden på grunn av faren for at eit fjellparti ved Åkneset kan skli ut i fjorden og lage flodbølgjer.
For å lempe på dette byggjeforbodet kom regjeringa med eit framlegg til endringar av forskrifta som er ute på høyring fram til 10. august.
Då formannskapet i Norddal hadde høyringssaka oppe, kom det fram at saksbehandlarar i departementet hadde sagt at det ikkje er rett fram å få løyve til å setje opp dei planlagde bygningane i samband med Muriparken på grandane i Valldal.
– Kan det bli gitt løyve til å byggje leilegheiter, bustadhus, hotell, påbygg på rehabiliteringssenter, helsesenter som mellom anna skal innehalde kommunalt legekontor i det som vert rekna som oppskyljingsområde?
– Svaret er ja, seier kommunalministeren og legg til at det er tre omsyn som må takast. For det første skal utbygginga vere avklara i ein plan. For det andre skal den personlege tryggleiken vere teken vare på, for Storfjorden er det varslingsanlegget som gjer det mulig. For det tredje gjeld omsynet konsekvensane av eit framleis byggjeforbod.
– Både rehabiliteringssenter og helsesenter er type bygg som ein må vurdere frå sak til sak. For type bygg der det er folk som ikkje kan røme sjølve er det ein eigen paragraf, seier Meltveit Kleppa.

Kort og langt
– Mitt utgangspunkt er å vere imøtekomande i forhold til det byggjeforbodet som er i dag. Det gjeld mange einskildpersonar og næringsliv langs Storfjorden, seier ho og understrekar at dette er eit høyringsnotat. Det betyr at ein kan rekne med at her er det kommunar som synest at det går for kort, medan faginstansar meiner det har gått for langt. Når høyringsfristen som er sett til 10. august er ute, vil ein sjå resultatet.
– Eg vil ikkje forskottere noko av det som kan kome. Eg er glad for at eg har fått regjeringa med på å gi ei opning frå dei generelle forskriftene som gjeld fleire stader enn berre i Storfjorden.

Raskt
Kommunalministeren seier den nye forskrifta betyr mest for Storfjorden på grunn av at her er det varslingsanlegg.
– Kan det bety at den nye forskrifta ikkje er ferdig før etter valet?
– 10. august er fristen for å kome med uttalar. Eg vil gjere det eg kan for å følgje raskt opp, så får vi sjå kva som skjer. Det kjem an på korleis bildet ser ut etter 10. august, kor mykje etterarbeid det vert.
– Bør kommunane begynne å sjå seg om etter alternative tomter for dei planane som ligg føre?
– Det har eg oppfatta at kommunane har vore opptekne av, i nokre tilfelle er eigna areal allereie utnytta.
– Kva betydning har beredskaps- og overvakingssenteret som er etablert?
– Det er det anlegget som gjer at vi kan fremje denne forskrifta.

Beredskap
– Mange politikarar her i området har oppfatta det slik at byggjeforbodet vert oppheva ved denne høyringa. Har dei misforstått?
– Det er mulig nokon har oppfatta dette som fritt fram for alt, men slik er det ikkje. Unntaket gjeld mellom anna slike bygg som må fungere i ein beredskapssituasjon. Bygningar som har med til dømes brann, politi, sivilforsvar og telekommunikasjon kan ikkje liggje i slike område.
– Kva med ei kommunalt legekontor?
– Det kan eg verken svare ja eller nei på.
Magnhild Meltveit Kleppa seier at det som har vore hennar hovudanliggende er nye muligheiter for næringslivet. Det skal vere rom for å vurdere djupvasskai og å utvide eksisterande næringsverksemd.
– Her er det viktig at kommunane les notatet slik det er, og ikkje tek til med svære tolkingar. Det hadde ikkje vore nødvendig med notatet dersom det var fritt fram for all bygging.