Samling rundt gamleskulen

Den gamle skulen på Dyrkorn er pussa opp både inne og ute. No vert han nytta som grendahus. Laurdag inviterte velforeininga alle tidlegare elevar ved skulen. Det vart ein rikhaldig sommarfest som varte heile dagen. Mange møtte fram for å vere med på festen.

9. juli 2009
John Kristian Hjelle

– Meininga vår er å skaffe nok inntektsgrunnlag til å klare å leve av garden, seier Bente og Jon Geir Selboskar i Stordal. Dei tre siste åra har dei drive med jordbær.

Jordbæra i Jogarden på Midtbust i Stordal kjem tidlegare enn fram gjennom Valldalen. Dei brukar å ha moda jordbær i månadskifte juni/juli.

Plukking

Det er full fart i plukkinga no, den dagen Storfjordnytt er på besøk plukkar dei i bakkar, bær som blir levert til Valldal Grønt og vidare innfrosen til industrien. Dagen før plukka dei brettbær i korger. Det meste av bæra går til Valldal Grønt, men dei har mellom anna fått ei ordning med Valldal Grønt slik at dei kan levere rett til butikkane i Stordal, i staden for at bæra først skulle gå til mottaket i Valldal og sidan ut til butikkane.

Bente står i skuret og veg inn etter kvart som plukkarane kjem inn med bakkane sine, det er fin og rein bær, av sorten Polka. Dei har no tre åkrar med jordbær, om lag tolv mål i produksjon. Dei to søstrene Olga og Milena kjem inn med kvar sin bakke. Sjølv om dei ikkje er gamle, er dei for veteranar å rekne då dei har vore her kvart år. Dei kjem frå ein liten by sju mil aust for Warzawa, som heiter Wégrov. Det er avløysaren Mirek som har budd i Stordal heile året saman med familien sidan 2004, som har skaffa plukkarar gjennom slekt og venner.

Dei neste som kjem for å vege inn er paret Kamil og Ewelina, han er frisør i Warzawa når han ikkje plukkar jordbær i Stordal. Mor til Ewelina, Agatah, kjem også med sin bakke. Alle dei ni plukkarane er klare for hovudpausen midt på dag. Dei held til i eit område på garden der dei bur i campingvogner, nokre bur i eit hus, medan dei har ei brakke med dusj, toalett og vaskemaskin, noko dei er svært fornøgde med.

Dyrkar på plast

Ein av grunnane til at dei får plukke så rein bær i Jogarden er at dei har satsa på plast. Jon Geir forklarer at det stort sett er tung moldjord, dermed kan det lett verte jord på bæra om det ikkje er plast.

– Men plasten kan skape gode vilkår for biller og andre skadegjerarar. Er de ikkje plaga med angrep av rotsnutebille og jordbærsnutebille?
– Nei, dei har vi ikkje sett noko av enno, men vi prøver å halde korte omløp. Dermed vert det ikkje enkelt for dei å etablere seg.

Bente og Jon Geir satsar på tre års omløp. Det vil seie at dei har ein åker det året det vert planta i tillegg til tre år med produksjon.

– På den måten slepp vi å få all den små bæra som gjerne vert når ein åker vert eldre. Plukkarane skal også ha att noko. Det er tungt å liggje i åkeren. Korte omløp gjev stor bær og alle vert fornøgde, seier dei og legg til at på denne måten held dei ganske god timebetaling.
Dei seier seg godt nøgde med denne åkeren, som ligg litt nede i ei dump, dermed held det høgt grunnvatn og dei slepp å vatne så mykje. Den tunge moldjorda gjer også sitt til å halde på vatnet. I fjor hadde dei ei høg gjennomsnittleg avling per dekar.

Allsidig

I Jogarden kan dei veksle mellom ulike vekstar på åkrane. Dei skiftar mellom gras, korn og jordbær, noko som gjer at jorda får byggje seg opp att mellom kvar produksjon. Det vert også dyrka kålrot på 8,6 dekar i år.

Mjølkeproduksjonen utgjer ein stor del av arbeidet og inntekta på garden. Med ei kvote på 145 tonn har dei rundt 20 mjølkekyr, som no i sommarmånadene held til på fellesbeitet på Langsætrane. Kornproduksjonen har dei redusert frå 90 til 65 mål no. Kornet blir levert til Felleskjøpet sitt anlegg på Vestnes.

Kålrotproduksjonen er dei noko usikre på framover på grunn av at det lett blir for høg pH-verdi i jorda.

Kjøler ned
I reiskapshuset har dei investert i kjøleanlegg, dermed kan dei kjøle ned bæra så snart ho kjem frå åkeren. Dei køyrer sjølve bæra til mottaket i Valldal. Ein del bær vert selt frå garden og stordalingar og hyttefolk er gode kundar. Eit skilt ved vegen fortel at her er det jordbær til sals og dottera Synne er fast seljar, noko som er fint å kombinere med leseinteressa.

Fire gardar

Jon Geir er eigentleg fødd i Tafjord, der han budde på Kvilhaug første leveåret før dei flytta til Stordal og foreldra kjøpte ein gard. Bente er frå Halvarsgarden på Hove. Jon Geir kjøpte Jogarden før jul i 1985, medan Bente tok utdanning som gartnar.
– Kvifor har de starta med jordbær?

– Det tok eigentleg til med at Jon Geirmund Lied i forsøksringen ”lokka” oss til å starte med kålrot. Dei leverte vi til Valldal Grønt og fekk på den måten god kontakt med miljøet der. Vi har vorte svært godt mottatt. Vi har prøvd mykje, både blåbær og urter, men det har ikkje vorte noko av. Hovudgrunnen er at vi vil finne ein måte å leve av garden. Det er klart det vert hektisk, med så mange produksjonar til kvar si tid vert det også mykje arbeid. Vi vil skape oss eit inntektsgrunnlag som er til å leve med. Husdyrproduksjon kastar ikkje av seg all verda, seier dei.