|
Orda tilhøyrer Terese S. Jemtegård Moen som hadde sin første arbeidsdag som dagleg leiar i Fjordhagen onsdag 1. juli. Berre to dagar seinare slår ho fast at ho trivst og set pris på miljøet.
Her er mykje positiv energi og tiltaksvilje. Det set eg umåteleg stor pris på, seier den nye daglege leiaren i Fjordhagen.
Reiseliv
Valldalingen som flytta ut for å ta utdanning for 17 år sidan, er høgskulekandidat i reiselivs-økonomi. Det tilsvarar det som blir kalla “bachelor” i dag. Ho tok den treårige utdanninga ved Høgskulen i Telemark i Bø, og drog ni mil vidare til Rauland då ho fekk eit stipendiat i fylkeskommunen. Etter eitt år i Rauland vart ho dagleg leiar for Rauland Turist AS og heldt fram med det i fem år.
Det var eit krevjande arbeid med mange møte, noko som vart vanskeleg å kombinere med små born. Då vart eg turistvert og arbeidde med innovativ fjellturisme i samarbeid med sju destinasjonar, mellom andre Hemsedal og Geilo.
På utkikk
I vår var mannen Richard Moen ferdig med lærarutdanninga. Han skulle ha seg arbeid og ho var på utkikk etter noko anna. Då ho såg annonsen frå Fjordhagen i Storfjordnytt, var ho ikkje i tvil om å søkje stillinga som dagleg leiar.
Det har blitt mykje administrasjon i det siste, og eg kunne tenkje meg å drive meir med utvikling og å skape noko. Å hjelpe andre er det kjekkaste eg veit!
Terese S. Jemtegård Moen meiner det er ei ideell tid å ta til i den nye stillinga. Ho har god tid til å setje seg inn i arbeidet og lese gjennom alle program og prosjekt Fjordhagen er involvert i.
Ho meiner det er positivt at Norddal eigedomsselskap har teke over utleigedelen av næringshagen.
Det lettar det administrative arbeidet og frigjev tid til utvikling. Vi har gått breitt ut og teke på oss fleire oppdrag. Etter kvart kan vi smalne det inn og sjå kva vi skal satse på.
Du må sørgje for finansiering av prosjekta òg?
Næringshageprogrammet, det som SIVA står bak, er snart over. Vi må vurdere om vi skal halde fram med det. Gjer vi det, blir arbeidet grunnfinansiert. Vi kan ikkje sitje på baken og ta imot pengar, men bruke kompetansen vår til å få fram gode prosjekt som området har nytte av. Eg skal setje meg meir inn i kor stor del av budsjettet som har med næringshageprogrammet å gjere.
Førstelineteneste
Førstelinetenesta som dei har hatt på vegner av kommunane, held fram.
Vi har fornya avtalen med Norddal kommune og skal reforhandle avtalen med Stordal.
Ho fortel at dei skal hjelpe etablerarar som vil kome i gang, og vere med på å utvikle eksisterande verksemder.
I staden for at næringssjefen både skal hjelpe fram verksemder og avgjere om dei skal få innvilga søknadene eller ikkje, får søkjarane ei uavhengig kvalitetssikring gjennom førstelinetenesta. Fjordhagen har eit godt nettverk og kompetanse som kan takast i bruk for å gje verksemdene den beste hjelpa i ulike stadium. Vi kan sikkert bli finkare til å marknadsføre kva vi driv med.
Erfaringar
Terese S. Jemtegård Moen har 13 års erfaring med destinasjonsarbeid og kjem til å bruke erfaringa frå reiseliv i arbeidet. Ho strekar likevel under at ho er interessert i andre typar næringar og gjerne vil utvide horisonten.
Her i Noreg slit vi litt med å pakke og distribuere reiselivsprodukt. Det er viktig å selje rett produkt til rett marknad.
Er skibussen mellom tre alpinsenter i Rauland noko ein kunne ha fått til her?
Alt går an å få til om nokon er viljug til å betale for det. Her er det for få store verksemder. I Rauland betalar næringslivet handelsstand, eigedomsselskap, tradisjonelt reiseliv, handverkarar og entreprenørar 1,4 millionar kroner til destinasjonsselskapet.
Ho fortel at oppkøyringa av 140 km løyper i Rauland har ein kostnad på 1,3 millionar kroner. Kostnaden blir delt likt mellom kommunen på ei side og private på den andre sida. Dei får inn om lag 200.000 kroner gjennom å oppmode hytteeigarar til å betale. Dette er friviljug.
Ikkje alt er overførbart, men eg kan bruke erfaringane mine der dei kan brukast.
Flyttbar familie
Mannen har vakse opp i Rauland med foreldre som var innflyttarar. Verken han eller døtrene på ni og fem hadde skruplar med å flytte til Valldal. No blir han lærar ved Valldal skule.
Å vere nær familien set eg høgt. Om vi skulle flytte, måtte det bli Sunnmøre eller Rauland. Borna er positive og glade over å bu her, sjølv om det var trist å flytte.
Familien synest dei har blitt godt mottekne i kommunen og har fått tilbod om ledige tomter. Bustader er det verre med. Førebels bur dei i ei utleigehytte på campingen til broren på Jemtegarden.
Terese S. Jemtegård Moen har klart for seg kva som blir hobby nummer ein i Valldal.
Eg vil begynne i Valldal hornmusikklag etter 17 års fråvær anten dei vil ha meg eller ikkje! Sidan eg flytta heimafrå, er det berre eitt år eg ikkje har spelt i korps. Det var då eg gjekk på handelsskule i Oslo.
|
|