Tre alternativ skisserte

– Vi må få mest mogleg rassikring for minst mogleg pengar, seier ordførar Bjørn Inge Ruset som er glad for at prosessen med å sikre Norddalsstranda er komen i gang.

20. august 2009
Tiril Rem

Dei tre tunnelalternativa skisserte: Alternativ 1 tunnel (ca 2885 meter) Eidsdal-Norddal, alternativ 2 tunnel (ca 1980 meter) Eidsdal–Svarthammaren, alternativ 3 er kortast med ein tunnel på ca 885 meter. Illustrasjon: Siv.ing. Hallgeir Wuttudal

Sivilingeniør Hallgeir Wuttudal har teikna dei tre alternative vegløysingane i Norddalsstranda på oppdrag frå Norddal kommune. Oppgåva var å vurdere aktuelle tunneltrasear, lage kostnads-overslag for dei tre alternativa og tilrå val av tunneltrasé.
Hallgeir Wuttudal peikar på dei to kortaste alternativa som mest aktuelle. Han seier det er viktig å kartleggje trongen for rassikring på strekninga mellom påhogga før ein konkluderer med kva alternativ som er best. Viss det viser seg at området ved Svarthammaren er så farleg at det må leggjast i tunnel, er truleg alternativ 2 det beste alternativet, meiner han.

I arealplanen
I det siste møtet før ferien vedtok eit samrøystes kommunestyre å leggje “Skisseprosjektet tunnel Eidsdal – Norddal” inn i arealplanen. Ordførar Bjørn Inge Ruset er glad for det og håper at kommunestyret er positivt til å løyve pengar til deler av undersøkingane som må til, eventuelt i eit spleiselag med andre. – Vegen vidare er at kommunen eventuelt i samarbeid med fylket og vegvesenet får utgreidd geologi og seismikk. Vi må arbeide politisk mot fylkestinget. Der konkurrerer vi med andre om finansiering. Samstundes har jo andre hatt suksess med rassikringa av Oppdølstranda og Hellesylt–Stranda. Det blir ein kamp der det er viktig at alle tek del, seier han.

Vil unngå lang tunnel
– Kva alternativ synest du er best?
– Med det kortaste alternativet kjem ein ikkje unna rasfaren. Det har kome ein del stein der påhogget i Norddalsstranda er skissert. Elles gjer gruvedrifta at alternativ 2 kan hende blir vanskeleg, men det er likevel truleg det beste alternativet.
Ordføraren er skeptisk til det lengste alternativet som er ein tunnel på om lag 2825 meter frå Eidsdal og heilt inn i norddalsbugen. Prisen for tunnelbygging nærmar seg 100.000 kroner per meter.
– Det kan bli vel kostbart og dermed vanskeleg å få gjennomslag for det lengste tunnelalternativet. Dessutan er eg skeptisk til at ein ikkje ser noko på vegen. Eg har fått innspel frå innbyggjarar som gjerne vil at vegen skal gå i dagen eit stykke langs fjorden. Kvar vi landar, vil geologiske granskingar og seismikk avgjere.

Meir til rassikring
Bjørn Inge Ruset meiner det er viktig at staten legg fleire pengar på bordet til rassikring, noko som har vore tema i valkampen.
Ap-ordføraren hadde partikollega og stortingskandidat Tove-Lise Torve på besøk i sommar.
– Vi såg på strekninga og besøkte Petter Melchior med familie som fortalde korleis det er å leve med rasfaren. Alle parti må bidra for å få realisert rassikringa.
Ordføraren meiner det viktigaste er at dei har starta prosessen.
– Eg vonar kommunestyret er viljug til å løyve midlar slik at vi kan starte dei naudsynte undersøkingane. Vegen må sikrast, seier Bjørn Inge Ruset.

FAKTA

Sidan 1994 har 13 av dei 16 rasa gått mellom 336 og 1080 meter frå starten av fylkesveg 91 ved Eidsdal ferjekai.

  • Dei tre alternativa er førebels kostnadsrekna til:
    Alternativ 1: 239,45 millionar kroner
    Alternativ 2: 188,1 millionar kroner
    Alternativ 3: 117,7 millionar kroner
  • Brua over elva er om lag fire meter brei og har feil retning for å kunne brukast i samband med ein ny tunnel. Ei ny, sju meter brei betongplatebru er kostnadsrekna til om lag 3,5 millioner kroner.
  • Granskingar og planarbeid fram til godkjent reguleringsplan er vurdert til å koste 1,5 millionar kroner
  • Før endeleg trasé kan veljast må geologisk kartlegging utførast slik at parti med dårleg fjell kan unngåast. Lausmasse i påhoggsområda må granskast nærare i tillegg til lokalisering av gruve-
    gangar ved Svarthammaren.


Kjelde: Siv.ing. Hallgeir Wuttudal, “Skisseprosjekt: Tunnel Eidsdal – Norddal”, juni 2009