| Foreldra til dei sju elevane som bur på Linge, skreiv i juni eit brev til Norddal kommune der dei bad om å få eigen skuleskyss. Dei har tidlegare fått innvilga gratis skuleskyss på grunn av den trafikkfarlege skulevegen.
Ventar i vegkanten
På riksvegen forbi Linge som har ei fartsgrense på 80 km i timen, finst ingen busslommer. Borna må vente i vegkanten og bussen må stoppe midt i vegen, noko som kan skape farlege situasjonar.
Foreldra som møtte Storfjordnytt måndag, var samde om at den beste løysinga ville vere å få ein minibuss eller ei drosje som tek sju passasjerar til å køyre øvstevegen gjennom grenda.
Ungar er ungar
Å ha ei skulerute i ei 80-sone er ikkje greit. Trygg Trafikk meiner at born bør vere ti-tolv år gamle for å sykle på eige ansvar, mellom anna fordi dei ikkje klarer å vurdere avstand. Ungar er ungar. Dei leikar og kan brått kome ut i vegen, seier Anita Dyb som ikkje har lyst til å sende sin 1. klassing åleine over den trafikkerte riksvegen.
Om dei er seint ute og ser bussen kome rundt svingen, blir dei stressa og spring over vegen utan å sjå seg til venstre der bilar kan kome fort rundt svingen, seier Magne Eivind Glomnes.
Farlege situasjonar
Om vinteren må borna trakke seg plass i brøytekanten. Ikkje er det lys der dei står og brøytebilen kan kome. Borna har på seg refleksvestar om vinteren, men det er ikkje nok.
Kryssing av riksvegen har fleire gonger skapt farlege situasjonar for borna og bilistar har meldt frå til dei føresette om dette.
Vi torer ikkje å sleppe dei minste over vegen åleine. Difor startar arbeidsdagen for somme av oss først etter at vi har sett borna kome seg vel av garde på bussen, eller at dei som må krysse vegen etter skuletid må hentast på avstigingsstaden, seier Kristi Linge Stakkestad.
Foreldra meiner at situasjonen ville ha vore betre om fartsgrensa var 60 km/t. Dei har tidlegare skrive brev til Statens vegvesen om reduksjon av fartsgrena, men fekk avslag.
Spørsmålet om eigen skuleskyss kjem opp som sak i driftsutvalet onsdag 2. september.
|
|