For over eitt år sidan tok Placement AS over drifta av turistkontoret i Stordal. Janet Roelofs fortel at talet på dei som vitjar turistkontoret, er nokolunde stabilt. Sjølvsagt er det flest nordmenn som er innom. Tyskarane utgjer mest av utlendingane, men det er hos nederlendarane dei ser den største auken.
Grunnen til at det er fleire frå Nederland som kjem til Norge på ferie, er nok meir marknadsføring der. I tillegg til at Placement AS jobbar med å skaffe nederlendarar ein stad å bu i Norge, jobbar dei også med å marknadsføre Norge som feriemål. Gert Rietman fortel at neste år vil reiseguiden til Fjord Norge kome også på nederlandsk.
Dei seier seg tilfreds med besøket på turistkontoret. Sidan det er kombinert med kontoret til Placement AS, er dei sikra at det alltid er nokon der.
Nokre dagar er rolege, andre dagar kan det vere mange innom, seier Janet.
På tur
Kva er det turistane ønskjer å vite?
Dei spør etter muligheiter for å gå på tur, eller kvar dei kan ete, seier ho og legg til at mange også veit om Rosekyrkja og vil gjerne sjå ho.
Dei har selt ein del turkart til folk som vil gå i fjellet.
Janet fortel om ein far som kom med to ungar og lurte på kvar han kunne gå i fjellet. Ho ville forsikre seg om at han var vand med det og han svarte ja. Men då han kom med neste spørsmål, avslørte han at erfaringane ikkje var så store, han spurte om han kunne gå med barnevogn. Dermed kunne ho trygt anbefale Overøye og Langsetrane.
Ved turistkontoret i Stordal kan dei fleire språk: engelsk, tysk, fransk og nederlandsk. Janet seier at mange blir overraska når dei får informasjon på sitt eige språk.
Eg trur turistane er fornøgde, seier ho.
Telt
Det har vore spesielt mange med telt i år, seier Irma van Diepen ved Stordal Camping.
Ho har ikkje tala klare for sesongen enno, og trur at talet på gjester har vore om lag på same nivå som i fjor. Dei har nokre hytter til leige og dei har ei leiligheit for to personar. I tillegg er det nokre som har faste plassar for campingvogner.
Irma seier ho er skeptisk til å gi meir plass til dei faste. Ho opplever at dei som kjem til campingplassen, trur at det er lite plass for dei som er på gjennomreise. Dei vert positivt overraska når dei ser at det er lagt godt til rette med god plass for ekte campingturistar.
Tendensar ho har lagt merke til er, at det er flest tyskarar som overnattar, og dei likar å leige båt og fiske. Elles har det vore merkbart fleire som overnattar i telt. Irma van Diepen og Hans Verwer driv campingplassen i Stordal for andre året på rad etter at dei flytta hit frå Nederland.
Meir besøk
Reidun Hove ved Nilsgardstunet kan slå fast at dei har hatt meir besøk denne sesongen enn nokon gong. Dei har drive Nilsgardstunet sidan oppstarten i påska 2004. I løpet av sommarsesongen tek dei imot ein del bussar og serverer varm og kald lunsj. Bussane fraktar turistar frå skip som legg til kai i Molde og Åndalsnes.
I tillegg har Nilsgardstunet god auke i talet på folk som tek turen innom for å ete. Det er både tilfeldig forbipasserande og folk som kjenner staden og maten frå før. Reidun Hove kan dessutan fortelje at dei får fleire og fleire som vil arrangere selskap her, ikkje berre folk frå bygda og nærområdet, men også frå ålesundsområdet, Haram og Sykkylven.
|
|
|