Sterkt i Norgescupen i trial

Godt nøgde deltakarar frå Valldal Trialklubb på Norgescupstemne i Kristiansand. Frå venstre: Lars-Andre Øvrevoll, Birgitte Øvrevoll og Erika Mechior.


27. august 2009
Erika Melchior i klasse KD og Birgitte Øvrevoll i KC tok begge dagane 1. plassen. Lars–Andre Øvrevoll i klasse B tok 23 plass laurdag og 15. plass på søndag.
Erika har vunne alle fire rundane til no i Noregscupen. Birgitte har ein tredjeplass og tre første plassar. Begge jentene ligg an til å vinne også samanlagt for alle fem cupane. Neste cup er på Sørlandet til helga.